Foreslår å løyve 3,3 milliardar kroner til Enova

Regjeringa foreslår å løyve 3,3 milliardar kroner til Enova. Det er meir enn nokon gong og ein auke på 1,6 milliardar kroner sidan 2013.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel.

- Regjeringa legg til rette for større aktivitet og fleire gode prosjekt frå Enova enn nokon gang. Vi har ambisiøse mål i klimapolitikken og skal på kort tid omstille oss til eit lågutsleppsamfunn. Enova er eit viktig verkemiddel i denne omstillinga. I neste avtale vil vi difor spisse Enova som klimaverkemiddel, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.
Løyvinga til Enova blei auka med 2 milliardar kroner i 2020 for å styrke satsinga på teknologiutvikling i industrien og medverke til grøn omstilling på veg ut av krisa.

- Vi må redusere dei ikkje-kvotepliktige klimagassutsleppa våre betydeleg dei neste åra og fram mot 2030. For å redusere utsleppa våre og greie omstillinga til lågutsleppsamfunnet, utan vesentleg reduksjon av velstand, er vi òg avhengige av teknologiutvikling og innovasjon i alle sektorar. Ei effektiv innretting av Enova inneber difor god balanse mellom utsleppsreduksjonar på kortare sikt og teknologiutvikling som gjer det mogleg å kutte utslepp på lengre sikt, sier ministaren vidare.

Powered by Labrador CMS