I ei pressemelding skriv Kommunal- og distriktsdepartementet at kartlegging av og kunnskap om ustabile fjellparti har auka tryggleiken i områder som er utsette for fjellskred og flodbølge. Samstundes har det ført til unødig strenge byggerestriksjonar og stans i utvikling av lokalsamfunn, som følge av at krava i byggteknisk forskrift (TEK17) ikkje har vore oppdaterte.
– Byggereglane må vere tilpassa dei ulike lokalsamfunna som er utsett for fjellskred og flodbølge. Regjeringa har derfor sett ned ei arbeidsgruppe som skal vidareutvikle regelverket, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i meldinga.
Arbeidsgruppa skal sjå på om krava til tryggleik i TEK17 er på riktig nivå, og korleis krava i større grad kan ta omsyn til framtidige klimaendringar.
Arbeidsgruppa som no skal i gang, skal óg sjå på moglegheitene for å opne for organisatoriske flaumsikringstiltak, til dømes heilautomatiske løysingar som trer i kraft når flaumen når eit visst nivå, eller som blir sett opp manuelt ved flaumvarsel. Dette vil gjere det enklare å få til ønska utvikling i område påverka av flaumfare, står det i meldinga frå departementet.
Innan 15. april 2024 skal arbeidsgruppa levere eit forslag til nye reglar for organisatoriske sikringstiltak. I desember neste år skal arbeidsgruppa levere forslag til nye reglar om tryggleiksnivå og framtidige klimaendringar.