'Byggeplassen' på ViteMeir på Kaupanger i Sogndal kommune. Foto: Knut-Hendrik Lajord, VeriMedia
"Byggeplassen" på ViteMeir på Kaupanger i Sogndal kommune.

– Byggeplassen har blitt ein suksess

Det nye vitensenteret ViteMeir på Kaupanger i Sogndal opna dørene 11. november. – Vi kan allereie no slå fast at installasjonen «Byggeplassen» har vorte ein suksess, spesielt mellom dei yngste borna.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel.

Det seier dagleg leiar på senteret, Erlend Fardal Lunde, i ei pressemelding.

Her kan borna leike med gule vestar og hjelm. Dei får høve til å styre løft av byggeklossar med ein heisekran, men det er óg mykje anna å ta seg til med mellom anna trillebår og ufarleg verktøy.

– Målet er at borna skal få eit inntrykk av kva som skjer bak gjerdene på ein byggeplass, og gjere operasjonar i lag og kvar for seg som både skaper interesse for å bygge og ei kjensle av meistring, heiter det i meldinga.

Eit tiltak for rekruttering
– Vi trur dette har mykje for seg med omsyn til rekruttering til bygg- og anleggsfaga, seier styreleiar i Byggopp Vestland, Asle Solvang, via meldinga. Gåva frå opplæringskontoret sitt rekrutteringsfond på 500.000 kroner har vore avgjerande for realisering av «Byggeplassen». I tillegg har Åsen & Øvrelid, som har vore totalentreprenør for vitensenteret, gjeve 300.000 kroner.

Lunde fortel at sidan opninga har det vore minst to læringsopplegg på ViteMeir på kvardagane. Barnehageborn og skuleklassar frå 1. til 10. trinn fylgjer eit alderstilpassa program som tek dei gjennom installasjonane. Det tek inntil tre timar, inklusiv matpause.

– Erfaringa so langt er at dette fungerer bra, og samarbeidet med dei tilsette i skular og barnehagar er godt. Det er mange som vil ta turen til oss, som er eit teikn på at ViteMeir fyllar ein viktig funksjon. Vi har óg hatt godt besøk av familiar i helgene, legg han til.

Eit av 13 vitensenter
ViteMeir er eit av 13 vitensenter i landet. Etableringa på Kaupanger i Sogndal kommune skal vere geografisk utfyllande til dei øvre sentera. Målet er at senteret skal gje gode synergiar med forskings- og utdanningsinstitusjonar, offentlege etatar og næringslivet, og vere ein arena for idémyldring mellom unge menneske og desse aktørane. ViteMeir er samlokalisert med nasjonal line for transport og logistikk ved Sogndal vidaregåande skule.

– ViteMeir har vorte eit praktbygg, og vi ser fram til å fylgje med på alt som skal skje på senteret, seier styreleiaren i Byggopp Vestland. Dersom nokon av morgondagens fagarbeidarar og byggingeniørar kan seie at dei vart inspirert til ei framtid i vår bransje på ViteMeir, vert vi glade, legg Solvang i Byggopp Vestland til.

Byggopp Vestland er mellom dei største opplæringskontora i Vestland. Kontoret har ansvar for oppfylging av 485 lærlingar, praksiskandidatar og personar som fylgjer utdanningsprogrammet Fagbrev på jobb. Byggopp Vestland har 330 medlemsverksemder og 11 tilsette på kontora i Bergen og Førde.

Foto: Knut-Hendrik Lajord, VeriMedia
Powered by Labrador CMS