Jon Georg Dale (Frp).
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Enklare førarkortreglar for utanlandske arbeidarar
- Vi vil no gjere det enklare å bruke førarkort frå land utanfor EØS for personar som arbeider mellombels i Noreg, seier samferdselsminister Jon Georg Dale
Denne artikkelen er over fem år gammel
Han har no bede Vegdirektoratet om å utvide perioden førarkort frå land utanfor EØS kan bli brukt i Noreg for personar som oppheld seg i Noreg mellombels, frå tre månader til seks månader for dei med arbeidsløyve. Det vil gi betre samanheng til reglane om arbeidsløyve i slike tilfelle, og vil gjere at personar med slikt løyve kan ta arbeid kor ein del av arbeidet krev køyring. Dette vil vere aktuelt mellom anna i sesongnæringar innan turisme.
Vegdirektoratet vil no utarbeide og sende på høyring framlegg om naudsynte endringar i regelverk. Endringar vil kunne vere på plass til sommaren 2019.