Foto: Christian Aarhus

Lovar nytt forskingsbygg i Ny-Ålesund

Regjeringa foreslår å løyve 20,5 millionar kroner i 2017 til eit nytt bygg for felles bruk til forsking i Ny-Ålesund. I samband med at Klima- og miljødepartementet overtek ansvaret for Kings Bay AS vil klima- og miljøminister Vidar Helgesen besøke Longyearbyen og Ny-Ålesund 7. – 9. oktober.

Svalbard er det høgarktiske området i verda som er lettast tilgjengeleg. Med sin geografiske posisjon, urørte natur, lite lokal forureining, gunstige klima og kommunikasjon med breiband, har Svalbard blitt eit sentralt utgangspunkt for forsking i Arktis. Det gjeld ikkje minst for klimaforsking, fordi Arktis spiller ei nøkkelrolle i det globale klimasystemet. Klimaendringane i Arktis vil ha verknader over heile verda.

– Interessa for å drive forsking på Svalbard aukar. Ei slik interesse for Ny-Ålesund gir og store moglegheiter for internasjonalt samarbeid og forsking i verdsklasse. Difor prioriterer regjeringa denne satsinga, seier klima- og miljøminister Helgesen.

I den nye svalbardmeldinga tek Regjeringa grep for ytterlegare å styrke norsk vertskap og koordinering av forskingsverksemda i Ny-Ålesund, og som eit ledd i dette føreslår Regjeringa å løyve 20,5 millionar kroner til eit nytt bygg til felles bruk for forskarar og forskingsinstitusjonar. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.. Bygget er planlagt å stå ferdig våren 2018.

Bygget skal bidra til at Ny-Ålesund sin posisjon som forskingsplattform kan utnyttast endå betre til auka internasjonalt forskingssamarbeid, auka kvalitet og openheit og deling av data på tvers av institusjonar og nasjonalitetar.