Amerikanarar kjøper resten av Olivin

Det vart klart i dag at staten sel resten av aksjane sine i bedrifta til amerikanske North Cape Minerals (NCM), melder NRK.

NCM hadde forkjøpsrett til resten av aksjane - som dei no har kjøpt for 350 millionar kroner. Allereie i mars 2001 selde staten 49% av aksjane sine i Olivin til North Cape Minerals (NMC). Salet var kontroversielt og forbunde med politiske tautrekkingar. Hovudtillitsvald ved A/S Olivin i Vanylven Roger Eikeset seier dei tilsette no er letta over at salet av bergverksselskapet er over. Dei ser lysare på framtida, sjølv om dei går inn i noko nytt. A/S Olivin er verdas leiande produsendt av mineralet olivin og blei stifta av staten i 1948. Bedrifta har 206 tilsette. North Cape Minerals utvinner mineral i Noreg og Sverige og har 230 tilsette. I følge Eikeset frykter ikke de ansatte at de kan bli solgt videre fra selskapet.