Stor interesse for å auke juletredyrking

I løpet av det siste året har det blitt stor interesse for å utvide eksisterande og etablere nye juletreplantasjer i Rogaland. Det aller meste av auken skjer på Haugalandet, i Ryfylke og i Dalane. Plantinga skjer for det meste på skogsmark, men også på dyrka jord og beiteareal, skriv Landbruksdepartementet på sine heimesider.

Denne artikkelen er over ti år gammel.

Mellom 20 og 30 bønder i Rogaland har til nå fått laga planar til utviding eller nyetablering av juletreplantasje. Mange av dei dyrkarane som har drive juletreproduksjon i dei siste 15 - 20 åra, ser nå at dette er ein produksjon dei vil satsa vidare på og dermed vil dei utvide.

Betydeleg auke

Auken i produksjonsarealet er betydeleg, frå 50 daa og til 250 daa på dei enkelte bruka. Etableringa vil skje over ein 10-års periode. Til denne tid i år er det planlagt nytt areal på vel 2000 daa. Dette tilsvarar ei nytilplanting på ca 1,5 millionar tre.

Powered by Labrador CMS