Sider blir vernet som champagne

Mattilsynet har vedtatt at "Sider frå Hardanger" skal vernast som geografisk nemning. Dette er det sekstende produktet som gis ei beskytta nemning.

Vedtaket vart fatta ved fastsetjing av forskrift om vern av produktnemninga Sider frå Hardanger som beskytta geografisk nemning. Rettmessig brukar av nemninga er Hardanger Siderprodusentlag som per i dag har 42 medlemmar.

Sider frå Hardanger er sider laga i Hardanger av eple som er dyrka i Hardanger. Epla må vere pressa i Hardanger og gjæring og lagring av sideren må også skje i Hardanger. Sideren skal vere framstilt av eplejuice (råsaft), som kan vere tilsett sukker i ulik mengd, og anten ha gjæra på villgjær frå epleskalet eller er tilsett kvitvinsgjær. Sider frå Hardanger er delt inn i tre klasser etter alkoholinnhald, og kvar av desse er igjen delt inn i tre klasse etter sukkerinnhald.

Sider frå Hardanger er kjenneteikna ved ein lett syrleg og aromatisk eplesmak. Dette kan forklarast med samansetjinga av epleråstoffet, dei spesielle kvalitetane som kjenneteiknar eple dyrka i Hardanger, og den lange tradisjonen og kunnskapen om produksjon av sider i Hardanger. Sider frå Hardanger vil ha ein naturleg variasjon i smak og aroma frå produsent til produsent, avhengig av kva for eplesortar som blir brukte, og blandingsforholdet mellom dei ulike sortane.

Eple dyrka i Hardanger har ein frisk og syrleg smak. Dette kjem av dei spesielle vekstvilkåra som klimaet og naturen i Hardanger gir. På grunn av plasseringa ved 60 ºN er klimaet i Hardanger kjølig og rikt på lys i vekstsesongen. Eit slikt kjølig klima gir eple med høgt innhald av smakskarakteristiske fruktsyrer (0,5-1,0 %) og spesielt mykje C-vitamin. Samstundes sikrar varme og solrike sommardagar at det blir utvikla nok sukker i epla (11-13 %). Også dei kjølige nettene om hausten er med på å gi auka syre- og sukkerinnhald rett før haustinga. Den gode balansen mellom syre- og sukkerinnhald kjenneteiknar eple dyrka i Hardanger.

Samansetjinga av epleråstoffet er òg viktig for kvaliteten/eigenskapane til sideren. Nokre av eplesortane, til dømes tormodseple og franskar, er særeigne sortar som har opphav i Hardanger. Hardanger er eit av dei beste fruktdistrikta i Noreg, med ein sterk og lang tradisjon for å presse eple til eplejuice og vidareforedle den til eplesider. Produksjon av Sider frå Hardanger byggjer på opparbeidd kunnskap om og røynsle med kva slags prosessar som gi best aroma, smak og produktutbytte.

Engelske munkar har fått æra for å ha teke med seg kunnskapen om fruktproduksjon til Hardanger rundt år 1300. Når det gjeld pressing av eple til eplejuice, kan det dokumenterast ein tradisjon i Hardanger tilbake til slutten av 1700-talet. I 1818 skreiv prost Niels Hertzberg om hardangerbonden Knut Jåstad (f. 1744) at "han lærte sine Sambygdinger at gjøre sig nytte av de vilde Skovæplers saft. Han gjorde sig hertil presser med sterke Jernskruer og solgte Saften i Bergen". Truleg var også kunnskapen om korleis ein lagar sider av eplejuice, allereie kjend i distriktet.

Frå om lag 1890 til utpå 1920-talet hadde siderproduksjonen si stordomstid i Hardanger. Det var fleire fabrikkar i Hardanger med stor produksjon og sal av eplesider, mellom anna på Alsåker, Aga, Lutro og Stana. Dei fleste fabrikkane avvikla drifta då det i 1921 vart innført nye, strenge lover for alkoholomsetjing. Fram til liberaliseringa av alkoholproduksjonen og omsetjinga på 1990-talet har tradisjonen og kunnskapen om siderproduksjon overlevd som ein kjellarproduksjon til eige bruk i kvardag og fest.

Sider har eit sterkt omdømme knytt til Hardanger, både historisk og no. I boka Hjemmelaging av norsk vin og andre læskedrikke av dr. Olav Sopp frå 1922 blir sider produsert i Hardanger omtala slik: "At lage god cider er en vanskelig kunst. Det er i mange lande en stor industri. Ogsaa her i landet er der fremstillet cider fabrikmessig med større og mindre held. I den senere tid synes det i dag, som om man i Hardanger har formaad at fremstille en type som er noksaa konstant og ganske god." Lyrikaren Olav H. Hauge (1908-1994) frå Ulvik i Hardanger har òg skrive om sider i fleire av dikta sine.

Les meir om saka og om beskytta nemningar hos www.kslmatmerk.no.