Klare til å ta i mot ein ny Dagmar

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde kjenner seg trygg på at Vegvesenet i Region vest er godt rusta dersom eit nytt uvêr skulle råke fylket.

– Som organisasjon er vi godt førebudde. Vi har tilsette som stiller opp, og ein kriseberedskap som har vist seg å fungere.

Jula 2011 herja stormen Dagmar over Vestlandet. Naturskadane var voldsomme, og vegnettet fekk store skader.

Satellitt- telefonar på plass
Eitt år etter har Vegvesenet i Region vest gjort nokre mindre grep som vil styrke dei i framtidig beredskapsarbeid. Avdelingsdrektør i Sogn og Fjordane, Nils Magne Slinde, fortel at det blant anna har vore gjennomført fleire kriseøvingar med liknande scenario som Dagmar, og at dei har gått til innkjøp av endå fleire satellitt-telefonar.

- I etterkant av Dagmar vart det utarbeidd ein evalueringsrapport, og tiltaka som vart skisserte der er stort sett gjennomførte, seier Slinde.
Under julestormen datt alt straum- og telenett ut, ein hadde dermed ikkje TV, radio, e-post og internett, fasttelefon eller mobiltelefon. Heller ikkje krisetelefonane på regionvegkontoret fungerte.

Alle kontorstadane og dei ansvarlege for drifts kontraktane i fylket har no fått satellitt-telefonar. På denne måten varetek ein kommunikasjon internt til tross for at telefon og straum fell bort.

– Reservestraum for trafikkstyringssystema er også betra. Under Dagmar opplevde ein at elektroniske skilt ved Måløybrua datt vekk. Denne skiltinga skal vise når det er for mykje vind til å køyre over brua. Betre straumsikring skal hindre at dette skjer igjen, seier avdelingsdirektøren.

Hol i vegen
Mykje ressursar har også gått med til å byggje oppatt veg som var utvaska.

- Vi har gjennomført reperasjonsarbeid på vegnettet for om lag 150 millionar, og det aller meste har gått bra, seier Slinde.
Avdelingsdirektøren vedgår at nokre prosjekt har drege ut i tid, eit av dei mest omtala tiltaka ligg berre nokre hundre meter frå regionvegkontoret på Leikanger, på riksveg 55 i retning Sogndal.

Dei store bylgjene som fylgde med stormen grov ut vegfyllinga nedanifrå og over 200 meter av vegbana rasa ut i Sognefjorden. Holet i vegen er no under oppbygging, og arbeidet skal vere ferdig i februar.

- Dette er eit av prosjekta som har teke for lang tid. Her må vi gjere ei eiga evaluering internt, seier Slinde.

Vegen vaska vekk
Ei av dei mest dramatiske øydeleggingane på vegnettet var ved Hornindalsvatnet. Der vart 1,7 kilometer av vegen mellom bygda Otterdal og kommunesenteret Grodås vaska vekk av vatnet.
Sidan då har innbyggjarane i den vesle bygda vore isolerte, og må anten gå gjennom rasområdet eller nytte båttransport for å komme seg ut.
Etter diskusjonar rundt løysing vart fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane einige om at vegen skal byggast opp att der den låg. Anbodsgrunnlaget er no under utarbeiding, og kontrakten skal snart ut på anbod.

- Sikkerhet-, helse og arbeidsmiljøplanen (SHA) konkluderer med at det på grunn av rasfare kun kan jobbast i sommarhalvåret på denne strekninga. Arbeidet kan difor tidlegast starte opp i mai. Så får vi håpe at det går ei stund før vi opplever liknande tilstandar igjen. Men dersom det skjer, trur eg vi er endå betre budde enn førre gong, avsluttar Slinde.