Omsette for 4,1 milliardar

Omsetninga for vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd var på 4,1 milliardar kroner i 3. termin 2012. Dette er ein vekst på 6,4 prosent samanlikna med den same terminen i 2011.

Bedriftene som driv med sortering og bearbeiding av avfall for materialgjenvinning, hadde ei omsetning på 1,6 milliardar kroner i 3. termin 2012. Dette er ein auke på 8,8 prosent frå 2011, melder SSB.

Bedriftene som driv med innsamling av ikkje-farleg avfall hadde ei omsetning på 1,5 milliardar kroner i mai og juni 2012. Dette er ein auke på 0,6 prosent frå den same perioden i fjor.