NVE tilrår løyve til Valanelv kraftverk

NVE tilrår Olje- og energidepartementet at GH Bergmo AS får løyve til å bygge Valanelv kraftverk og regulere Valanvatnet i Kvænangen kommune i Troms.

Kraftverket kan årleg produsere gjennomsnittleg 7,6 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 380 husstandar.

Kraftverket vil nytte Valanvatnet som reguleringsmagasin og ei fallhøgde på omlag 467 meter. Valanvatnet vert regulert med 8 meter, ei heving på 3,3 meter og senking på 4,7 meter. Driftsvatnet skal førast i tunnel og nedgrave røyr frå inntaket ned til kraftstasjonen som er planlagd i Valandalen. Den naturlege vassføringa vert endra på ei 1700 m lang elvestrekning.

Kraftverksutbygginga ligg nær dei villmarksprega områda ved Kvænangstindan. I Valandalen er det trekkvei for reindrift. Med god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida samt tilstrekkeleg vannslepp om sommaren, vil skadeverknadene for naturen og miljøet etter vårt syn vere akseptable. NVE tilrår derfor løyve til bygging av kraftverket.

Les meir her