Ryddar opp i felleskostnader i burettslag

- I nokon av dei nye burettslaga har felleskostnadene blitt marknadsførte som urealistisk låge. Det vil vi ha slutt på. Ingen skal bli lokka til å tru at felleskostnadene er lågare enn kva dei verkeleg er, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet vil no ha høyringsinnspel på eit forskriftsforslag som handlar om minstekrav til kva for kostnader som skal liggje i driftsbudsjettet når eit burettslag blir skipa.

- Vi foreslår at vanlege kostnader, mellom anna forsikringar, godtgjersle til forretningsførar og kostnader til felles kabel-tv, må vere med i driftsbudsjettet når burettslaget blir etablert. Det vil gje potensielle kjøparar av nye burettslagsbustader eit mest muleg realistisk bilete av felleskostnadene. Ei slik standardisering vil også gje tryggleik og meir førehandskjende vilkår for burettslaget sin økonomi, seier Navarsete.

Den nye forskrifta vil truleg gjelde frå tidleg på nyåret 2011.