Kleppa besøkte Hardangerbrua

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa besøkte Hardangerbrua under sin rundtur i indre deler av Hordaland.

- Vi visste jo då vi vedtok brubygginga i 2006 at det står att ein del å gjera på tilførselsvegane på båe sider av fjorden fram mot bruprosjektet, sa statsråden under ei samling på prosjektkontoret til Statens vegvesen i Vallavik 14. desember.

Tunnelgodkjenning

Då hadde prosjektleiar Øivind L. Søvik orientert forsamlinga av Hardanger-ordførarar og statsråd-følgjet om det som står att av arbeid på rv. 13 i Vallaviktunnelen og mellom Brimnes og Butunnelen.

Nye stardardkrav til tunnel-utrusting blir gjort gjeldane i samband med bygging av Hardangerbrua. Det vil seia at den eksisterande 7.510 m lange Vallaviktunnelen må oppgraderast for å oppnå ei tryggleiksgodkjening. Ei slik godkjenning er eit vilkår for å kunne opna for brutrafikk i 2013.

Oppgraderinga er kostnadsrekna til 68 millionar kroner. Noko er gjort og meir pågår i desse dagar, på grunnlag av ei løyving på 16 millioner kroner dei to siste åra. Det står såleis att å finansiera arbeid i tunnelen for 52 millionar kroner i Vallaviktunnelen.

Bu-Brimnes

På Bu-sida er det fullført første byggjesteg av rassikring og utbetring av rv. 13 Bu-Brimnes, som blei opna sommaren 2010. Eidfjord kommunestyret har no godkjend reguleringsendringa for andre byggjesteg, med ei dagløysing vidare sørover til Bugjelet. Kostnaden er kring 40 millionar kroner og finanseringa er på plass.

Men tredje byggjesteg på rv. 13 fram mot bruprosjektet på Bu er ikkje finansiert. Det er snakk om 2 km med dårleg veg over Bu-platået. Her ligg det og inne bygging av gang- og sykkelveg og sanering av avkøyrsler. Kostnadsbehovet er på 68 mill. kr. I handlingsprogrammet for Nasjonal Transportplan er strekninga teke med i perioden etter 2014.

- Skal det byggjast ny veg over Bu-platået før Hardangerbrua opnar i 2013, er det ein føresetnad at det blir ei forskottering av vegarbeidet, sa prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen under statsråd-vitjinga i Vallavik.