Fin avslutning på Beitostølen

10 km skøyting på Beitostølen blei ein middels god dag for Team Bolig jentene. 5 km klassisk skulle vise seg å bli ein betre dag for laget.

Lørdagens 10 km skøyting på Beitostølen blei ein middels god dag for Team Bolig jentene. Merethe enda som nr.27, Ellen blei nr 21, med Solfrid rett foran på 20 plass. Jorunn enda til slutt som nr 15. Alle har meir inne enn det dei fekk vist denne dagen, avstanden opp til vinnar Marit Bjørgen vart litt for stor. Det positive da er at me har ein del å gå på, og er klare for å ta dette ut i kommande renn!

5 km klassisk skulle vise seg å bli ein betre dag for laget. Jorunn blei nr 11, med Ellen 3 s bak på 12 plass. Solfrid enda som nr. 25 og Merethe stabil på 27 plass også denne dagen. Avstanden opp til teten var ikkje fullt så avskrekkande denne dagen, så det var positivt!

Nå skal vi få lagt inn ein god treningsperiode fram mot BUL-sprinten på Gålå 6-7 desember.

Resultatliste 10 km

Resultatliste 5 km