Løyve til å bygge Vikaelva kraftverk

NVE har gjeve Vikaelva Kraft AS løyve til bygging av Vikaelva kraftverk i Stryn kommune i Sogn og Fjordane.

Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 16 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 800 husstandar.

Vikaelva kraftverk vil nytte eit fall på 335 meter i Vikaelva frå kote 425, noko nedanfor Tonningsætra, og ned til kote 90. Vatnet vert ført i nedgrave røyr som truleg vert lagt i same trasé som eit kommunalt anlegg for vassforsyning og avlaup som er under planlegging som del av hyttebygging i området. Det er også gitt løyve til at ein mindre bekk som tidlegare har vore ført vekk frå vassdraget og til reguleringsmagasinet Svingesetvatnet, kan førast attende til Vikaelva. Dette vil gje betre kraftutnytting av vatnet grunna større utnytta fallhøgde.
Av omsyn til stadegen fisk, Fossekall, fuktkrevjande moseartar og for å oppretthalde den lokale verdien av ei bekkekløft med nokre fossefall, er det fastsett ei minstevassføring på 200 l/s i tida frå 1. mai til 30. september og 50 l/s resten av året.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

 Les mer på www.nve.no