Sterk auke i satsinga på fornybar energi

Det er lagt opp til ein sterk auke i satsinga på energiomleggjingstiltak i regi av Enova i 2008. Den samla ramma utgjer om lag 1 450 millionar kroner for 2008.

Dette er ein auke på om lag 660 millionar kroner i høve til 2007. Tilsegnsfullmakta på 400 millionar kroner er ført vidare frå 2007 til 2008.

- Noreg har eit godt grunnlag for å auke den miljøvenlege energiproduksjonen monaleg, og vi må bruke energien meir effektivt. Den auka løyvinga i 2008 til energieffektivisering, varme og elektrisitet frå fornybare energikjelder er eit hovudelement i regjeringa si satsing på at Noreg skal vera ein miljøvenleg energinasjon. Ny fornybar energi vil få eit endeleg gjennombrot neste år, seier olje- og energiminister Åslaug Haga.

Dei auka økonomiske rammene gjev grunnlag for å styrkje satsinga på alle område innan fornybar energi. Hausten 2007 skal Olje- og energidepartementet inngå ein ny fireårig avtale med Enova med eit nytt ambisiøst resultatmål. Satsinga retta mot husstandane vil bli styrkja, og det skal bli etablert ei eiga støtteordning til investeringar i infrastruktur for fjernvarme. Ei langsiktig oppbyggjing av infrastruktur for fjernvarme legg tilhøva til rette for auka bruk av bioenergi, avfall, spillvarme og andre miljøvenlege energiressursar. Tiltaka vil vere viktige for å få til utskifting av oljekjelar.

Satsinga i 2008 er dels finansiert frå eit påslag på nettariffen på 1 øre per kWh. I 2008 er påslaget venta å gje ei inntekt på om lag 740 millionar kroner. I tillegg vil Enova bli tilførd om lag 430 millionar kroner frå avkastinga på Grunnfondet for fornybar energi og energieffektivisering. I samband med at det vert etablert ei ny støtteordning til fornybar elektrisitet, vert det løyvd ytterlegare 200 millionar kroner over statsbudsjettet. Utover dette kjem det også renteinntekter på Energifondet.

- For å styrkje utviklinga av miljøvenleg produksjon og bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår rundt arbeidet. For å sikre dette vil regjeringa styrkje Grunnfondet med 10 milliardar kroner i 2009 og ytterlegare inntil 10 milliardar kroner innan 2012, seier statsråd Haga.