Framleis vekst i industrien

Det var ein gjennomsnittleg vekst på 0,4 prosent i norsk industriproduksjon frå februar til og med april 2007 samanlikna med førre tremånadersperiode, viser sesongjusterte tal, melder SSB.

Produksjonsauken kom frå innsatsvarer og investeringsvarer. Produksjon av investeringsvarer gjekk opp med 1,2 prosent i den siste perioden på tre månader. Metallvare- og plattformindustrien hadde ein vekst på 2,3 og 1,4 prosent. Oppgangen i desse næringane har halde fram inn i 2007 på grunn av den særs høge aktiviteten på landanlegg og i feltutbygging på norsk sokkel. Transportmiddelindustrien hadde ein svak nedgang i produksjonen samanlikna med førre periode, medan det var ein liten vekst i maskinindustrien. Vekst i kjemiske råvarer Det var ein vekst på 0,8 prosent i produksjonen av innsatsvarer frå februar til og med april 2007 samanlikna med perioden før. Dette hang saman med ein auke i produksjonen av kjemiske råvarer grunna ein høg etterspurnad frå utlandet. Trelast- og trevareindustrien, treforedling og metallindustrien har hatt ein liten nedgang i produksjonen. Produksjonen av konsumvarer gjekk ned med 1,3 prosent i den siste perioden på tre månader. Dette hang saman med ein nedgang i produksjonen på 3,0 prosent i norsk næringsmiddelindustri. Det var elles ein mindre nedgang i forlag og grafisk industri. Markert oppgang sidan april 2006 Det har vore ein vekst i norsk industriproduksjon på 6,1 prosent frå april 2006 til april 2007, viser verkedagskorrigerte tal. Produksjon av investeringsvarer har då auka med 10,1 prosent, medan innsatsvarer og konsumvarer har stege med 4,9 og 3,0 prosent sidan april 2006. Norsk industri samanlikna med eurosona Norsk industriproduksjon hadde ein oppgang på 5,4 prosent frå mars 2006 til mars 2007, viser verkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat legg til grunn at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein oppgang på 5,3 prosent i same tidsrom.