Vekst i industrien

Det var ein vekst på 1,5 prosent i industriproduksjonen frå mai til juli i år samanlikna med dei tre månadene før, viser sesongjusterte tal. Produksjonen av investeringsvarer og konsumvarer hadde ein auke.

Produksjonen av investeringsvarer hadde ein vekst på 3,0 prosent. Dette hang saman med den positive utviklinga i verkstadnæringane og i bygging av skip og plattformer gjennom 2006. Elektroteknisk og optisk industri og transportmiddelindustrien hadde den sterkaste auken frå mai til juli i år. Det var ein nedgang i produksjonen av innsatsvarer på 0,8 prosent frå mai til juli i år samanlikna med månadene før. Norsk treforedlingsindustri og delar av metallindustrien hadde framleis ein nedgang, medan kjemiske råvarer hadde ein auke i produksjonen. Produksjonen av konsumvarer hadde ein vekst på 3,2 prosent frå mai til juli i år samanlikna med perioden før. Det var ein auke i nærings- og nytingsmiddelindustrien og i forlag og grafisk industri.