Gir konsesjon til tre mindre kraftverk

NVE gir konsesjon til å bygge Julfoss kraftverk i Leksa i Stjørdal kommune, Kistafossen kraftverk i Østerdalselva i Rødøy kommune og Vågen kraftverk i Ørsta i Ørsta kommune.

I en melding fra NVE blir disse begrunnelsene gitt: Julfoss kraftverk NVE gjev konsesjon til Julfoss Kraft AS til å byggje Julfoss kraftverk i Leksa, Stjørdal kommune. Kraftverket blir bygd utan reguleringsmagasin og gir ein årleg produksjon på ca. 9 GWh, noko som tilsvarer energiforbruket til omkring 400 husstandar. Kraftverket vil bruke eit fall på 63 meter med inntak rett ovanfor vegbrua over Leksa. Kraftverket blir plassert nedanfor Julfossen. Utbygginga vil føre til redusert vassføring i Julfossen. Av omsyn til naturmiljøet vil det bli ei minstevassføring på 1 m3/s om sommaren og 0,3 m3/s om vinteren. Med desse vilkåra meiner NVE at utbygginga er miljømessig akseptabel. NVE si samla vurdering er at fordelane ved utbygginga er større enn ulempene. Kistafossen kraftverk NVE gjev Småkraft AS konsesjon til å byggje Kistafossen kraftverk i Østerdalselva, Rødøy kommune. Kraftverket blir bygd utan reguleringsmagasin og gir ein årleg produksjon på 6,2 GWh, noko som tilsvarer energiforbruket til i underkant av 300 husstandar. Kraftverket vil nytte eit fall på 69 meter med inntak rett ovanfor der Rv. 17 kryssar Østerdalselva. Kraftverket blir plassert rett nedanfor fossen, men ovanfor strekninga som har laks og sjøaure. Av omsyn til naturmiljøet (sjøauren) vil det bli sloppe ei minstevatnføring på 220 l/s. heile året. NVE si samla vurdering er at fordelane ved utbygginga er større enn ulempene. NVE gjev Vågen Kraft AS konsesjon til å byggje Vågen kraftverk i Sætreelva, Ørsta kommune. Kraftverket vert bygd utan reguleringsmagasin og utan overføring av Ryseåna og gjev ein årleg produksjon på ca. 16 GWh, noko som tilsvarer energiforbruket til omkring 700 husstandar. Kraftverket vil nytte eit fall på ca. 258 m over ein strekning på om lag 1400 m. Dei siste 150 m av tilløpsrøyret vert lagt i bora sjakt ned til kraftstasjonen for å unngå synlege inngrep i terrenget. Kraftstasjonen vert plassert i ei utsprengd fjellskjering rett ovanfor Sætrefossen. Utbygginga vil føre til at Sætreelva får redusert vassføring mellom inntaket og kraftstasjonen, men Sætrefossen vil få uendra vassføring. Av omsyn til naturmiljøet vert det ei minstevassføring i elva på 70 l/s heile året. NVE si samla vurdering er at føremonene ved utbygginga er større enn ulempene.