Illustrasjonsfoto: Terje Natland/Fylkesmannen i Hordaland

Nye tilskot til kai- og tømmerterminalar i 2017

I statsbudsjett for 2017 er det løyvd om lag 75 millionar kroner til utvikling av kai- og tømmerterminalar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel

Frist for innsending av prosjektskisser er 1. april.

- Fleirbruksanlegg av stor verdi for næringa og samfinansiering mellom fleire næringsinteresser er av dei kriteriane det blir lagt vekt på i denne søknadsrunden. Regjeringa satsar på betre infrastruktur i skogbruket, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– Vidareutvikling av tømmerkaier er eit viktig tiltak for auka hogst og lønsemd i skog- og trenæringa. – Meir aktivitet i skogen gjev ringverknadar for næringsverksemd og sysselsetjing i distrikta, seier Dale.

- Løyvingane er auka med 62 prosent frå 2016. Inntil 29 millionar kroner av beløpet skal gå til prosjekt i fylke langs kysten med sysselsettingsutfordringar. Dette vil bli tillagt vekt som tildelingskriterium. Hensikten er å leggje til rette for ein rasjonell tømmertransport frå skog til industri, heiter det i ei melding frå Landbruks- og matdepartementet.

Departementet melder vidare at lokalisering av kaiane er avgjerande for å sikre både kostnadseffektive tømmerleveransar til foredlingsindustrien innanlands og produktflyt til marknaden nasjonalt og internasjonalt.

- Fellesanlegg/fleirbruksanlegg av stor verdi for næringa skal ha prioritet, og samfinansiering mellom fleire næringsinteresser vil bli vektleggast i søknadshansaminga. Prosjekt som raskt kan realiserast blir også prioritert

Powered by Labrador CMS