Møre og Romsdal:Samlar seg til vindmøllekamp

Motstandarar mot vindmølleparkane som er planlagde langs kysten av Møre og Romsdal går no saman. Dei vil kjempe mot at møllene blir bygde, skriv NRK på sine heimesider.

I går var motstandarar samla på Høgskulen i Ålesund der dei fekk sjå korleis møllene blir sjåande ut. Bjørn Haahjem frå Vigra seier dei no skal organisere seg. Det første vi skal gjere er å registrere kven som er med, og samle underskrifter frå folk som er einige med oss Enorme planar Det er planar om 334 vindmøller til havs frå Harøy i nord til Vigra i sør. I tillegg er det planar om vindmøller på land i Sande, i Haram og i Fræna. I følgje Norges vassdrags- og energidirektorat er det ingenting i Noreg som kan måle seg i storleik med dei planane selskapet Havgul har for kysten av Møre og Romdal. Utanfor Vigra og Lepsøya i Giske og Haram kommune på Sunnmøre vil dei ha Havsul II, ein vindmøllepark med 178 vindmøller. Utanfor Harøya i Sandøy kommune i Romsdal vil dei byggje Havsul I med 78 vindmøller og i Eide og Averøy på Nordmøre planlegg dei Havsul IV med 78 vindmøller. Vindmøllene skal stå omlag tre kilometer frå land og det er 155 meter opp til vingespissen. Sjølvet navet er 95 meter høgt. Havgul sender inn konsesjonssøknaden for de tre Havsulprosjekta ved årsskiftet. h2>Innsamlingsaksjon Det å få sjå vindmøllene i ein simulator, hadde motstander Toril Molnes frå Vigra stor nytte av. Ho seier dei vil opprette ei nettside der folk kan søke informasjon. Ho vil og opprette ein konto der dei kan samle inn pengar til motstandsarbeidet. Lokkar med pengar Ytre Kravika vel på Harøy i Sandøy har jobba aktivt mot planane sidan desember 2004. Då kom dei første meldingane frå Havgul om planene. No set dei pris på drahjelp, sier talsmann for velforeninga Håkon Heieraas. Han synst det er lurt at fleire lokale aksjonar kan gå saman. Han meiner lokalpolitikarar bit på fordi Havgul lokkar med inntekter for kommunene. Det er difor viktig at folk engasjerer seg. Motstandarar mot vindmølleparkane som er planlagde langs kysten av Møre og Romsdal går no saman. Dei vil kjempe mot at møllene blir bygde. Publisert 17.11.2005 14:17. Oppdatert 17.11.2005 14:19. Går saman I går var motstandarar samla på Høgskulen i Ålesund der dei fekk sjå korleis møllene blir sjåande ut. Bjørn Haahjem frå Vigra seier dei no skal organisere seg. Det første vi skal gjere er å registrere kven som er med, og samle underskrifter frå folk som er einige med oss Enorme planar Det er planar om 334 vindmøller til havs frå Harøy i nord til Vigra i sør. I tillegg er det planar om vindmøller på land i Sande, i Haram og i Fræna. I følgje Norges vassdrags- og energidirektorat er det ingenting i Noreg som kan måle seg i storleik med dei planane selskapet Havgul har for kysten av Møre og Romdal. Utanfor Vigra og Lepsøya i Giske og Haram kommune på Sunnmøre vil dei ha Havsul II, ein vindmøllepark med 178 vindmøller. Utanfor Harøya i Sandøy kommune i Romsdal vil dei byggje Havsul I med 78 vindmøller og i Eide og Averøy på Nordmøre planlegg dei Havsul IV med 78 vindmøller. Vindmøllene skal stå omlag tre kilometer frå land og det er 155 meter opp til vingespissen. Sjølvet navet er 95 meter høgt. Havgul sender inn konsesjonssøknaden for de tre Havsulprosjekta ved årsskiftet. h2>Innsamlingsaksjon Det å få sjå vindmøllene i ein simulator, hadde motstander Toril Molnes frå Vigra stor nytte av. Ho seier dei vil opprette ei nettside der folk kan søke informasjon. Ho vil og opprette ein konto der dei kan samle inn pengar til motstandsarbeidet. Lokkar med pengar Ytre Kravika vel på Harøy i Sandøy har jobba aktivt mot planane sidan desember 2004. Då kom dei første meldingane frå Havgul om planene. No set dei pris på drahjelp, sier talsmann for velforeninga Håkon Heieraas. Han synst det er lurt at fleire lokale aksjonar kan gå saman. Han meiner lokalpolitikarar bit på fordi Havgul lokkar med inntekter for kommunene. Det er difor viktig at folk engasjerer seg.