Per Kristian Langlo frå K. A. Aurstad (f.v.), Jakup Chojnacki frå PORR og Kjartan Hove frå Statens vegvesen signerte kontrakt for bygging av rv. 5 Loftesnesbrui i Sogndal. Bak står frå venstre: Krzysztof Harasimowicz, Przemyslav Przygogzki, Asbjørn Røneid, Bettina Gerti Gross, Gunnar Solbakken, Cato Aurstad og Svenn Finden. Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen

Porr og K.A. Aurstad signerte brukontrakt

Statens vegvesen signerte i dag kontrakt på bygging av rv.5 Loftesnesbrui i Sogndal.

- Me er glade for at me no er klare til å starte bygginga, etter ein lang prosess med planlegging og prosjektering. No ser me fram til eit godt samarbeid med arbeidsfellesskapet PORR/K. A. Aurstad frå dag ein. Mellom anna er me opptekne av at HMS vert ivareteke i byggjeperioden og at me får ein god kommunikasjon, seier prosjektleiar Gunnar Solbakke i ei pressemelding. 

Kontrakten med den austeriske entreprenøren PORR (tidlegare Bilfinger Infrastructure) og K. A. Aurstad frå Sunnmøre vart underteikna på regionvegkontoret på Leikanger den 11. i 11. klokka 11.11.

-Det er eit spanande prosjekt, og me er godt førebudde til å løyse det. Prosjektet ligg i eit sentrumsområde med mykje trafikk, og me vil gjere vårt ytterste for at samfunnet får minst muleg problem i byggeperioden, seier direktør Jakub Chojnacki i PORR.

-Brua skal også vere eit nytt landemerke i Sogndal, og me håpar at brua i tillegg vil stå som eit landemerke for eit godt samarbeidsprosjekt når den står ferdig, seier utviklingsdirektør Bettina Gerti Gross i PORR-Norge.

Medan PORR skal stå for sjølve brubygginga, vil K. A. Aurstad stå for masseforflytting og det meste av vegbygginga på land.

-Det er eit spanande prosjekt, og me ser fram til å ta fatt på samarbeidet med eit firma me ikkje har erfaring med. Me har gode erfaringar med å jobbe i arbeidsfellesskap frå før av, og me har stor tru på at prosjektet vil bli ein suksess, seier administrerande direktør Per Kristian Langlo i K. A. Aurstad AS.

Illustrasjon: Reinertsen AS