Løyve til Høyland minikraftverk i Etne

NVE gjev Kambo Energi AS løyve til å byggje Høyland minikraftverk i Etne kommune i Hordaland. Kraftverket vil med dei fastsette vilkåra produsere omlag 3,6 GW/år. Dette svarar til straumbruken til 180 husstandar.

Kraftverket er planlagt i Høylandselva, med inntak ved kote 340 og kraftstasjon ved kote 95. Vassvegen vil verte nedgraven på heile den om lag 740 meter lange strekningen. Kraftverket skal knytast til eksisterande nett med jordkabel. Høylandselva er del av det var verna Etnevassdraget, som òg er eit nasjonalt laksevassdrag. NVE har difor særleg vurdert tiltakets konfliktgrad med desse verneverdiane. 

NVE meiner at med flytting av kraftstasjon og ei avgrensa utnytting av vassressursen, samt terrengtilpassing, vil tiltaket gi relativt små og akseptable ulemper for naturmiljøet og andre allmenne interesser. NVE har fastsett ei minstevassføring på 20 l/s heile året. Vidare er det sett vilkår om at maksimalt 50 prosent av tilsiget kan nyttast til kraftproduksjon. 


Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser, og gjev difor løyve til bygging av Høyland minikraftverk.