Regionvegsjef Helge Eidsnes (nr to fra venstre) og Roman Fuksa, director of division 5 Metrostav, signerte onsdag kontrakt om Veitastrondsvegen. Heilt til høgre Oddgeir Havnen i Havnen Anlegg og heilt til venstre Ole Ingar Hæreid frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Statens vegvesen)

Metrostav og Havnen Anlegg signerte kontrakt om Veitastrondsvegen

Metrostav og Havnen Anlegg signerte onsdag 30. april kontrakt med Statens vegvesen på bygging av andre steg av skredsikringa av fv.337 Veitastrondsvegen.

Arbeidsfellesskapet mellom tsjekkiske Metrostav og Havnen Anlegg frå Kaupanger leverte det rimelegaste tilbodet på 148,9 millionar kroner, og kontrakten vart onsdag signert av regionvegsjef Helge Eidsnes med nestleiar i samferdsleavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune Ole Ingar Hæreid til stades.

Dette er det første store oppdraget for tsjekkiske Metrostav i Norge, melder vegvesen.no.

Anleggsstart er venta i byrjinga av juni, og etter planen skal tunnel og veg stå klar hausten 2016. Prosjektet består av ein 1.565 meter lang tunnel forbi det kjende raspunktet Bjørnabakkane og 900 meter veg i dagen, med rassikring for Lindeskreda. Tunnelen skal byggjast med eitt felt og møteplassar, men i enden mot Veitastrond går den over i to felt på grunn av kurvatur og krav til sikt.

Sikringa av Bjørnabakkane og Lindeskreda vart vedteke av eit samrøystes fylkesting i Sogn og Fjordane i haust, og løyvingane til prosjektet vart vedtekne i Stortinget i desember.