I 2024 skal den nye Brann- og redningsskolen stå klar til å ta imot 160 studentar og 2500 kurselevar i året.Foto: DSB
La ned grunnstein til ny brannskule i Troms
I 2024 skal den nye Brann- og redningsskolen stå klar til å ta imot 160 studentar og 2.500 kurselevar i året. Skolen blir etablert i Tjeldsund kommune utanfor Harstad, der Noregs brannskole ligg i dag.
No har justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl lagt ned grunnsteinen i utbyggingsprosjektet.
– Mens dagens skole berre tilbyr kurs av kortare varigheit, vil den nye Brann- og redningsskolen òg tilby høgare yrkesfagleg utdanning på fagskolenivå: Ei toårig grunnutdanning på heiltid for brann-, rednings- og samfunnssikkerheitspersonell, skriv Statsbygg på sine nettsider.
Annonse
– Den nye utdanninga vil gi eit kompetanseløft for brann og redning over heile landet, og dermed styrke beredskapen både lokalt og nasjonalt. Dette er ein stor dag, og eg er så glad for at vi er i gang med bygginga, sa justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl i forbindelse med grunnsteinsnedlegginga måndag 25. april.
Statsbygg har fått i oppdrag å renovere og oppgradere det eksisterande øvingsfeltet på dagens brannskole. Her blir det både ny brannstasjon og øvingsobjekt for ulike typar bustadbrannar, dyreredning og søk i samanraste bygningar.
Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) leiar arbeidet med etableringa av den nye Brann- og redningsskolen, som vil bli ei eiga eining underlagt DSB.
Skulen vil omfatte ei ny fagutdanning for brann-, rednings- og samfunnssikkerheitspersonell, og dessutan overgangsordningar og kursverksemd. Hovuddelen av all undervisning vil finne stad i DSB sine lokale på Fjelldal ved Tjeldsundet i Troms og Finnmark.
Mandag la justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl ned grunnsteinen for prosjektet.Foto: DSB