NVE avslår søknad om bygging av Gjeiskelid kraftverk

NVE avslår søknaden om bygging av Gjeiskelid kraftverk i Bykle. NVE meiner at fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper for ålmenne interesser i vassdraget.

Denne artikkelen er over ti år gammel.

Det er Gjeiskelid kraftverk AS som har søkt NVE om løyve til å byggje Gjeiskelid kraftverk i Gjeiskelidåna. Det er planlagt eit kraftverk med ein årleg middelproduksjon på 11,4 GWh og ein installert effekt på 4 MW. Kraftverket vil nytte eit fall på 300 m og ha ei maksimal slukeevne på 1,5 m3/s. Inntaket er tenkt plassert i høgfjellet (1100 m.o.h). Røyrgata på 2,5 km skal gravast ned i heile lengda. Kraftstasjonen vert plassert i dagen. NVE legg i si vurdering mest vekt på at eit Gjeiskelid kraftverk, slik det er planlagt, vil gje negative landskapsmessige konsekvensar i urørt høgfjell som vanskeleg kan avbøtast ved tiltak. Vidare er det lagt vekt på at den planlagde utbygginga inneber ei uvanleg tøff utnytting av ressursane i form av stor slukeevne, magasinering av vatn og start-stopp kjøring av kraftverket. Tiltaket vil føre til ei tilnærma tørrlegging av øvre del av vassdraget i store deler av året då det ikkje er foreslått minstevassføring. I denne delen av vassdraget er det fleire vakre fossefall som er godt synlig frå merka tursti. NVE meiner såleis at fordelane ved bygging av Gjeiskelid kraftverk ikkje overstig skadar og ulemper for ålmenne interesser, og kravet i vannressurslova si § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunnen er søknaden avslått.

Powered by Labrador CMS