- Uavhengig kontroll vil gje betre bygg

Dei nye reglane for uavhengig kontroll i byggjesaker blir innført frå 1. januar 2013. – Eg er oppteken av å sikre forbrukarane sine rettar. Ordninga med uavhengig kontroll vil gje betre bygg og tryggleik mot useriøse føretak, seier statssekretær Dag-Henrik Sandbakken.

Denne artikkelen er over ti år gammel.

Innføringa av uavhengig kontroll inneber at eit profesjonelt og uavhengig føretak skal kontrollere fuktsikring og lufttettleik i småhus, samt brann- og konstruksjonstryggleik i større bygg. Først når bygget er kontrollert kan byggjeprosjektet erklærast ferdig.

– Å kjøpe ein bustad er den største investeringa dei fleste gjer. Då er det viktig at kvaliteten er god, seier Sandbakken i ei pressemelding.

Dette er eit fagområde der det ofte skjer feil. Desse feila kan gje store konsekvensar både for samfunnet og den einskilde forbrukar.

– Byggjefeil kostar oss milliardar kvart einaste år. Uavhengig kontroll vil gjere det vanskelegare for useriøse føretak å få tilgang til marknaden. Dette er òg eit tiltak i kampen mot svart arbeid, seier Sandbakken.

Regjeringa meiner uavhengig kontroll vil medverke til å sikre både kvalitet i byggjesak og like konkurransevilkår for føretaka. I dag er det opp til den einskilde kommune om det skal vere uavhengig kontroll i byggjesaka. Dei nye reglane vil gjelde over heile landet.

Kommunane kan i ein avgrensa periode gjere unntak i særlege høve frå reglane om uavhengig kontroll for å få til ei smidig byggjesakshandsaming.

Ifølgje departementet blir rettleiinga om ordninga ferdig innan nokre dagar. Då blir den lagt ut på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet, www.dibk.no.

Powered by Labrador CMS