På taket til ein parkeringskjellar og lokale butikkar ser vinnarane for seg eit fleksibelt bytorg for ungdom. Ill. Johanne Svendsen Helvik og Elise Gunnes Buan
På taket til ein parkeringskjellar og lokale butikkar ser vinnarane for seg eit fleksibelt bytorg for ungdom. Ill. Johanne Svendsen Helvik og Elise Gunnes Buan

Statsbyggs studentpris til ungdomsvennleg by

Med medverking frå ungdom blir ein fabrikk, eit sjøbad og eit torg til gode møteplassar i oppgåva som blir tildelt Statsbyggs studentpris innan landskapsarkitektur.

– Oppgåva tek for seg ungdommen sin plass i bybildet på ein svært aktuell måte. Vi ser at einsemd blant unge aukar og at lite fysisk aktivitet er ei utfordring. Dei seinaste åra har òg vist oss kor viktig det er å ta i bruk uteromma som sosiale møteplassar, ikkje minst for ungdom, seier seniorarkitekt og juryleiar Else Bingen Sande i Statsbygg til Statsbyggs nettsider.

Statsbygg sin pris for beste masteroppgåve i landskapsarkitektur frå Noregs Miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) er blitt delt ut kvart år sidan 2012. Prisen sitt formål er å stimulere til eksperimentelle og nyskapande studium innan landskapsarkitektfaget.

– I oppgåva «Ungdommens byplan for Moss» tek vinnarane Johanne Svendsen Helvik og Elise Gunnes Buan for seg byens sentrumsområde. Etter ein medverkingsprosess med tre vidaregåandeklasser, ein idédugnad og ei kartlegging av bystrukturen har dei utarbeidd moglegheitsplanar for tre byrom. Oppgåva viser korleis desse romma kan inngå i eit nettverk av byrom og aktivitetar for ungdom i Moss i sentrum, skriv Statsbygg.

– Oppgåva er viktig fordi ungdom er ei gruppe som ofte ikkje tek del i medverkingsprosessar. Her har studentane gjennomført eit imponerande stykke arbeid. Medverkingsprosessen er flott dokumentert, og metodikken kan overførast til andre byutviklingsprosjekt, seier Else Bingen Sande.