Øvre Otta-utbygginga i gang
- Hadde eg vore religiøs ville eg ha sagt at dette er dagen Herren har gjort, sa Skjåk-ordførar Hans Krogstad, trast etter at han hadde fyra av festsalva for Øvre Otta-utbyggjinga, skriv Gudbrandsdølen Dagningen i en større reportasje.
Denne artikkelen er over ti år gammel.
Det vart ikkje knusla på akevitten da anleggstarten for Øvre Otta-utbyggjinga vart markert ved tunnelinnslaget ved Øyberget kraftstasjon torsdag ettermiddag. Sjølv gjekk ordførar Krogstad rundt med eit breidt smil om munnen og ein aldri så liten tåre i augekroken og tok i mot gratulasjonar på den nye merkedagen i Skjåk, 17. oktober. Også motstandarane er nå bokstaveleg talt på bølgelengde med utbyggjaren. Krogstad fekk æra av å fyre av dymamittsalva på 300 kilo. Eit tungt drønn frå 120 meter inni fjellet var signalet på at festen kunne starte. Og krutrøyken hadde ikkje før langt seg før glasa vart fyllt opp med akevitt. Dei innbedne gjestane vart deretter invitert til eit solid måltid med god gammaldags kjøtmat i Dønfoss Grendehus. Og festtalarane stod i kø. - Utan samspelet mellom Skjåk kommune og utbyggjaren hadde vi aldri fått ei utbyggjing av Øvre Otta, sa administerande direktør i Vannkraft Øst Arne Trønnes. Han tok eit aldri så lite oppgjer med fortida for at det skulle gå 35 år frå fallrettane vart kjøpt til utbyggjinga kunne starte. Trønnes gav også uttrykk for sin misnøye over at utbyggjinga vart så redusert som den vart. - Slikt sett kan ein ergre seg over at det ikkje vart søkt for 25 år sidan, sa Trønnes. Sett i landssamanheng har Skjåk lang tradisjon med kraftutbyggjing. Dei fyrste planane kom på bana alt i 1913. Utbyggjing av Skamsarfossen var tidleg nemt, det var også Høgfossen. Men i 1919 kom planane om kraftverket i Aura, som vart realisert etter ei uvanleg stutt anleggsperiode. Seinare kom byggjing av Skjåk 1 med utnytting av fallet frå Aursjoen. - Tida har gått og protestane har auka. I Skjåk har det ikkje vore meiningsforskjellar, men det er med skam å vedkjenne at eige parti har gått mot Skjåk sine interesser. Eg håpar at det som starta i dag ikkje er slutten, når vi veit at vasskraft er den einaste som er rein og fornybar. Dagen i dag er ein høgtidsdag, uttrykte Krogstad, som sende varme tankar til Tafjord Kraftselskap, som la malen for det som vart betalt for fallrettane i Skjåk. Som Krogstad har også Ragnar Melby stått hardt på for å få til ei kraftutbyggjing i Øvre Otta. Han vart tidleg utpeikt som leiar av Interessegruppa for utbyggjing av Øvre Otta. - Vi følte at vi hadde støtte frå folket i bygda. Dette inntrykket vart kraftig forsterka etter ei spørjeundersøking der vi gjekk frå dør til dør, sa Melby som ikkje la skjul på sin glede over anleggstarten. Det gjorde i høgste grad også Embjørg Langleite Skamsar. Det er ikkje få turar og telefonar ho har teke for å fyre opp partikollegaer i Arbeiderpartiet, for å få gjennomslag for Øvre Otta-utbyggjinga. Stort sett har protestane mot Øvre Otta-utbyggjinga gått roleg for seg. Det gjorde det også under markeringa for anleggstarten torsdag. Når linetraseen også er endeleg fastsett er det rett og slett ikkje meir å bitast om. Tidlegare motstandarar har snudd, som dagleg leiar i Skjåk Rafting Magnus Lilleengen. Han og broren og raftemedhjelpar Ove tok torsdag oppstilling ved Dønfossen som ei lita markering. Nå inviterer han prosjektleiar Kai Arild Sørbråten til raftetur i Ottaelva etter utbyggjinga. Lilleengen føler seg trygg på at elva vil bli eit like fint eldorado for rafting og padling. Eg har tillit til at utbyggjaren skal få dette til utan å forringe elva. Aldri så galt er det godt for noko, heiter det seg, seier Lilleengen når han trekkjer fram Aura. Den regulerte elva har stabil vassføring heile året. - Elve er forutsigbar slik at vi drive med aktivitetar der heile året. Nå håpar eg at utbyggjaren står ved målet om ei miljøvennleg utbygging av Øvre Otta, seier Lilleengen, som inviterte Sørbråten til å spela på lag med dei som driv aktivitet i og ved elva. Sørbråten tok utfordringa på sparket. Anleggsperioda for Øvre Otta-utbyggjinga blir kortare enn det som var tanken. Ei tid såg utbyggjaren for seg ei anleggsperiode på 5,5 år. Nå blir den truleg 2 år mindre. - Vi planlegg nå i forhold til eit tidsskjema der utbyggjinga vil stå ferdig i løpet av 2005, seier prosjektleiar Kai Arild Sørbråten. Han fortel at det er fleire faktorar som spelar inn for den forkorta anleggsperioda. Spesielt trekkjer han fram at utbyggjaren har fått tilbod som tilseier tidlegare leveranser enn anteke. Med unntak av kostnadane for linebyggjing har utbyggjaren nå god oversikt over kostnadsbildet for utbyggjinga. - Slik vi ser det nå kjem vi til å halde budsjettet på rundt ein milliard kroner, seier Sørbråten.