Boligflause i Ålesund
Utbyggjarane gjorde ikkje ein god nok jobb med å undersøkje grunnen under seks bustadhus i Ålesund, viser ein rapport. Det er NRK Møre og Romsdal som skriv dette på sine heimesider.
Denne artikkelen er over ti år gammel.
Rapporten er lagt fram etter at grunnen under bustadane så langt sunke med over 50 centimeter. Huseigarane har no saksøkt utbyggjaren og Ålesund kommune. Advokat Are Opdahl, som representerer huseigarane, er kritisk til at det ikkje blei gjort geotekniske undersøkingar før ein bygde på ei myr. Grunnen under husa har sige med opptil ein halv meter. Skal du bygge på ei myr så burde undersøkingane ha vore gjort på førehand, og det blir konkludert med som ei medverkande årsak til situasjonen i dag, seier Opdahl. Rapporten blei bestilt av prosjektøren Steinar Trygstad sjølv for å vurdere situasjonen på Myrland. I rapporten kjem det fram at heile problemet med at grunnen under husa har sunke kunne vore unngått. Rapporten seier at det ikkje blei utført grunnundersøkingar og geoteknisk vurdering. Det burde vore gjort når husa skulle byggast i myrterreng, meiner advokat Are Opdahl.