Delar av prosjektteamet i Ferjefri E39 besøkte i slutten av oktober Rosenberg-verftet utanfor Stavanger.

Statens vegvesen hentar erfaringar fra offshoreindustrien i arbeidet med Bjørnafjorden-bru

Statens vegvesen ynskjer å gjere nytte av erfaringane til offshoreindustrien i arbeidet med brukryssinga over Bjørnafjorden.

Publisert Sist oppdatert

Bruløysinga som er vald for kryssinga av Bjørnafjorden er ei endeforankra flytebru med forankringar til fjordbotnen. Bjørnafjorden er krevjande å krysse då den er fem kilometer brei med ei djupne på opp mot 600 meter enkelte plassar. Køyreturen over brua vil ta cirka 3 minutt mot dagens 45 minuttar lange ferjetur.

- Statens vegvesen har valt flytebru for mogleg ny E39 kryssing av Bjørnafjorden. Konkret bruløysing har forankringsliner til anker plassert på botn av Bjørnafjorden. Offshoreindustrien har fleire tiårs erfaring med forankring av store konstruksjonar både i Nordsjøen og andre steder med krevjande forhold til havs. Då vi fekk vite at Jotun FPSO er inne i tørrdokk i Stavanger, kontakta vi Vår Energi og fekk avtala eit besøk, seier delprosjektleiar Kjell Håvard Belsvik for E39 Stord - Os, bru over Bjørnafjorden.

Produksjonsskipet Jotun FPSO er eigd av Vår Energi, og har produsert olje frå Jotun-feltet i Nordsjøen sidan 1999. Belsvik fortel at vegvesenet og er interessert i overflatebehandlinga på skipet.

Han forteller at overflatebehandlinga liknar på det de ser for seg på brua, og at erfaringane Vår Energi har på området er nyttige når de skal rekne på kostnader til vedlikehald

- Til dømes kan talet på nye malingsrundar på brukonstruksjonen verte redusert frå fire til potensielt to i løpet av levetida. Det vil og ha ein betydeleg miljøsparande effekt, seier Belsvik

Powered by Labrador CMS