Bioforsk går nye vegar

Bioforsk har fått i oppdrag av Statens Vegvesen og vurdere vegetasjonsbruken langs ny riksveg mellom Ringebu og Otta, skriv Bioforsk på sine heimesider.

Oppdraget er eit samarbeid mellom vegetasjonsrådgjevar Tanaquil Enzensberger og bioforskarane Håkon Borch og Kristin Daugstad.

Ved å gå heile vegstrekninga til fots, skal naturtypar registrerast og innslag av uønska artar og spesielle verdifulle og interessante forekomstar fotograferast, omtalast og kartleggjast. Vidare skal ein kartleggje toppmassar som er aktuelle for gjenbruk i vegskråingar og registrere område og jordartar som er spesielt erosjonsutsette. Etterpå skal det utarbeidast revegeteringsprinsipp for dei aktuelle vegetasjonstypane. Rapporten skal vera klar 5. juli 2010.

Bioforsk har fått oppdraget i konkurranse med fire andre tilbydarar. Dette er eit nytt bruksområde der Bioforsk sin kompetanse kan nyttast. Arbeidet startar denne veka ved å synfare vegstrekninga.