Løyve til opprusting og utviding av Folkedal kraftverk

NVE gjev Indre Hardanger Kraftlag AS løyve til opprusting og utviding av Folkedal kraftverk i Granvin herad i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 25 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 1250 husstandar.

Indre Hardanger Kraftlag AS har søkt om løyve til å byggje nytt Folkedal kraftverk i Folkedalselva i Granvin herad. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 5,6 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 25 GWh.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 375,5 meter og endre naturleg vassføring på ei 1100 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i fjell mellom inntak og kraftstasjon.

Det er ikkje påvist raudlista artar eller verdifulle naturtypar knytt til elva. Det er heller ikkje særlege landskaps- eller friluftsinteresser knytt til influensområdet. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å ruste opp og utvide kraftverket, og gjev difor løyve til nye Folkedal kraftverk på fastsette vilkår.

Meir på www.nve.no/konsesjonsnyheter