Bekymra for mykje snø på taka

Har du mykje snø på taket ditt, er det på tide å finne fram snøskuffa no, før snøen blir våt og tung.

Det kjem framleis snø og er kaldt i store delar av landet. Snøen kan bli veldig tung når det blir mildvêr og regn.

-Det er så mykje snø mange stader at det nærmar seg grensa for kva taka toler. Nokre stader har det blåst slik at det har danna seg snøhaugar på delar av taket. Sjølv om grensa ikkje er nådd enno, kan det skje viss det kjem sludd og regn. Difor oppmodar eg folk til å skuffe snø av taka sine no, medan snøen framleis er lett, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Statsråden meiner at kommunane og andre eigarar av store publikumsbygg, skular, barnehagar og symjehaller bør vere særs merksame på vêrsituasjonen.

- Folk oppheld seg både inni og utanfor bygg. Ved å fjerne snøen før han blir for tung, kan vi førebyggje ulukker og spare både samfunnet og den einskilde for store materielle og menneskelege tap, seier Navarsete.

- Alle som eig bygg med mykje snø på taket bør setje seg inn i tilrådingane frå Statens Bygningstekniske etat. Mellom anna må ein sørgje for eigen tryggleik under skuffinga og passe på at det ikkje blir store skeivbelastningar på taket undervegs, seier Navarsete.