Hurra for Magnhild!

Me har fått ein virvelvind i Samferdselsdepartementet, og ho har fått det for seg at det er viktig å gjera reint så ein kvide tornado. Eg snakke sjølvsagt om min samfylking Magnhild Meltveit Kleppa frå Hjelmeland i Ryfylke.

Sven Christian Ulvatne

Daglig leder Backe Bygg AS

Har tidligere ledet blant annet NCC Construction

Andre gjestekommentatorer

Ole Wiig, NSW

Kim Robert Lisø, SINTEF Byggforsk

Kyrre Olaf Johansen, Entra

Elisabeth Enger, Jernbanedirektør

Jon-Erik Lunøe, Selvaagbygg

Johan Arnt Vatnan

Morten Christensen, Teknobygg

Bård Hoksrud, FrP

Hanne Rønneberg, SINTEF Byggforsk

Frode Nilsen, LNS

Ketil Lyng, BNL

Steinar Gullvåg, Ap

Bjørn-Erik Øye, Prognosesenteret

Petter Eiken, Skanska

Terje R. Venold, Veidekke

Øyvind Halleraker, Høyre

Jon Sandnes, EBA

Pål Egil Rønn, AF Gruppen

Liv Kari Skudal Hansteen, RIF

Martin Mæland, OBOS

Terje Nøstdal, Belief

Frank Ivar Andersen, Byggmesterforbundet

Trygve Slagsvold Vedum, Venstre

Meir enn dei fleste har ho Magnhild følt dårleg samferdsel på kroppen. Nå er de vel nokre år sia ho dagpendla og tok ferja kvar morgon og kveld, men at ho som ekta fjordabu bør kunna uttala seg om trafikk og samferdsel bør det ikkje herska nokon tvil om. Kan me vona at Magnhild ordnar opp slik at Norge inntek plassen FØR Albania på lista over dei verste vegane i Europa (for meg kan me godt hoppa fleira plassar opp)? Kan me og vona at ho vil innsjå at byggenæringa kan virka både som kompetanseorgan og konjunkturutjevnar på vegen (!) fram mot målet.

I sist veke var Magnhild i fyr og flamme då ho la fram planen for ein to års utredningsperiode om lyntog. Eg jubla med, og det gjorde så å sei et samla Noreg uansett tilknytting til politiske parti. Så la oss ha von om at ein her kan halda tidsfristen, men at ein og umiddelbart går i gang med å sikra finansiering og budsjett til å setta i verk sjølve bygginga. Tidligare høve, eg nemnar ny hovudflyplass som eitt eksempel, har dessverre synt at slike ting kan ta altfor lang tid. Noreg har ikkje råd til å venta 30 nye år på eit vedtak om viss og kvar ein trase skal gå. Me har heller ikkje råd til å venta på dei andre baneprosjekta, så eg ber Magnhild om å syna same entusiasmen nå det gjelde vidare utbygging av bybanar og dobbeltspor. Her på Jæren vert dobbeltporet mellom Sandnes og Stavanger opna av sjølvsame dama i haust. Me gledde oss, men det visar seg at NSB ikkje har nok materiell til å nytta båe spora, så her går det faktisk lika seint mellom byane som før.

Magnhild set også i gong arbeidet med ny transportplan, og vil ha kortare rulleringstid på denne. Det trur eg kan verta eit godt trekk, all den tid ein tiårig plan vil verta for statisk og ikkje kunna fanga opp konjunktursvingingane i byggenæringa. Ho vil og ha fullt trykk på planen, og igjen er det fine ord. Eg vonar også her at det vert full innsats på båe frontar, og at Magnhild i fyrste rekke set kraft bak det enkle å faktisk gjennomføra tiltaka som stend i planane. Planen er berre byrjinga, Magnhild!

Magnhild er det einskilde menneskje i regjeringa som pr i dag har størst direkte påverknad på ei konjunkturutsett næring. Og me i næringa bør også ha ei påverknad på Magnhild. Eg vonar at me kjennar vår vitjingstid, og at Magnhild sjølv ser at dialog med bransjen kan gjera oppgåva lettare. Ikkje berre må ho innsjå at ein del av prosjekta kan gjerast betre, billigare og raskare dersom ho tilrettelegg desse i ein periode med ledig kapasitet og lågkonjunktur. Ho må også veta å nytta den eineståande kompetansen som sit i den enkelte bedrift og i bransjeforeiningane. Nyttast denne kompetansen rett, kan ein få nye og betre løysingar, lågare livsløpskostnadar og samarbeid som gagnar heile det norske folk.

Så hurra for Magnhild – denne gongen treng me meir enn ein GJØNÅGONG!