154 milliarder til vei

- Vi får tidenes vegsatsing i hele landet og et tryggere og mer effektivt vegnett som fører til kortere reisetid og lavere avstandkostnader for folk og næringsliv i hele landet.

 

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med framlegginga av stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2010-2019.

For åra 2009-2010 har regjeringa lagt til grunn ei samla ramme på 153,98 milliardar kroner i statlege midlar til Statens vegvesen. Dette er ein auke på 58,57 milliardar kroner eller 61,4 prosent i forhold til NTP 2006-2015.

Midlane skal nyttast til trafikktilsyn, drift og vedlikehald og investeringar. Midlane omfattar også statleg kjøp av riksvegferjetenester og vederlag for tre vegprosjekt som tidlegare er bygd ferdig og finansiert etter modellen "offentleg-privat-samarbeid, OPS".

Trafikktilsyn, drift og vedlikehald: 57,72 milliardar kroner

For åra 2010-2019  er det lagt til grunn å bruke i alt 57,72 milliardar kroner  til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegane. Dei gjennomsnittlege årlege midlane til desse oppgåvene vil dermed auke med 1 287 millionar kroner eller 28,7 prosent i forhold til NTP 2006 - 2015.

Stor trafikkvekst, eit lengre og eit meir komplisert vegnett gjer det naudsynt å auke  innsatsen  for å oppretthalde kvaliteten i drifta og vedlikehaldet av vegnettet. I tillegg vil Samferdselsdepartementet auke innsatsen til mindre utbetringar for å ta igjen delar av det etterslepet som har bygt seg opp over tid.

Oppgåver som styrkjer tryggleiken på vegane har fått høgast prioritet. Dette gjeld særleg vinterdrift som strøing, brøyting og salting. Drifta av vegnettet skal sikre at folk og næringsliv får eit transporttilbod som er meir føreseieleg, og som legg til rette for å oppretthalde busetnaden i distrikta.

Midlane skal  nyttast til mellom anna legging av nytt asfaltdekke, reparasjonar og utbetringar av bruer og tunnelar, skilting, oppmerking og utbetring av signalanlegg.

Innanfor området trafikktilsyn har ein mellom anna prioritert ein auke i talet på kontrollar av regelverket om køyre- og kviletid for yrkestrafikken. Det blir dessutan ein vesentleg auke i kontrollar av bruk av bilbelte og kontroll av tunge køyretøy.

Riksveginvesteringar: 71,84 milliardar kroner

Til riksveginvesteringar, medrekna rassikring, er det sett av i alt 76,84 milliardar kroner, noko som er ein auke med 99,8 prosent frå NTP 2006-2015.

I tillegg til løvingar over statsbudsjettet blir det rekna med anna finansiering på om lag 60 milliardar kroner på riksvegnettet, i all hovudsak bompengar.

Innanfor investeringsramma til riksvegar vil regjeringa auke innsatsen både til store prosjekt og til "programområda for særlege investeringstiltak langs eksisterande veg".

For store strekningsvise prosjekt blir det ein årleg auke på 2,2 milliardar kroner årleg eller 80,3 prosent i forhold til 2006-2015. Dette gjer at ei rekkje riksvegstrekningar får ei kraftig standardforbetring. Midlande skal nyttast på riksvegar som bind saman landsdelar og regionar og knyter Noreg til utlandet, samstundes som dei er viktige for regionale og lokal transport. Regjeringa legg vekt på god regional fordeling av midlane for å utvikle levedyktige lokalsamfunn og for å fremje næringsutvikling i alle delar av landet.

Tiltak innafor ulike programområde aukar med 1,29 milliardar kroner eller 179,6 prosent i forhold til NTP 2006-2015. Midlane skal gå til mellom anna trafikksikringstiltak som bygging av midtdelarar, bygging av gang- og sykkelveg langs eksisterande veg, miljøtiltak og tiltak for å gjere kollektivtransport med buss meir tilgjengeleg for alle grupper av reisande. Midlane skal elles brukast til utbetring av bruer og tunnelar og til ulike andre utbetringar.

Den kraftige auken i veginvesteringa som regjeringa legg opp fører mellom anna til dette:

  • Ein vesentleg reduksjon av reisetidene på riksvegnettet, med mellom anna 30-35 minutt innsparing på strekningane Oslo - Ålesund, Bergen - Ålesund, Bodø - Tromsø og Oslo - Trondheim. Den samla reisetida på kyststamvegen E39 Stavanger - Trondheim blir redusert med om lag 60 minutt. Framkomsten og tryggleiken på E16-strekninga Oslo - Bergen vil bli betre ved at Filefjell blir utvikla til tilnærma vinteropen veg.
  • Betre tilhøve for gåande og syklande ved at det blir bygd om lag 500 kilometer nye gang- og sykkelvegar, medrekna anlegg som blir finansiert ved bompengar.
  • 350 kilometer riksveg blir rusta opp slik at vegen får gul midtstripe
  • 230 kilometer riksveg skal byggjast ut til firefelts veg
  • 750 kilometer riksveg blir utbetra med midtverk og får andre utbetringar for å gjere trafikken tryggare
  • 80 kilometer riksveg blir sikra mot ras
  • 80 kilometer nye kollektivfelt på riksvegnettet
  • 2000 av i alt 6500 haldeplassar og 100 knutepunkt på riksvegnettet blir oppgradert til ønskt standard for universell utforming

Fullføring av prosjekt som er kome i gang

Det vil gå om lag 10 milliardar kroner i statlege midlar til å fullføre vegprosjekt som alt  er starta ved inngangen til planperioden. Midlane vil mellom anna bli nytta til å gjere ferdig prosjekt på E6, E18 og E39. Dei største prosjekta som blir fullført er:

  • Riksveg 7/riksveg 13 Hardangerbrua,i Hordaland
  • E39 Kvivsvegen i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal
  • Riksveg 150 Ulvensplitten - Sinsen,i Oslo 
  • E18 Bjørvikaprosjektet, Oslo
  • E18 Krosby - Knapstad,i Østfold
  • E18 Sky i Vestfold - Langangen i Telemark
  • E6 Gardermoen i Akershus - Kolomoen i Hedmark
  • E6 Øyer - Tretten, Oppland
  • E6 Trondheim - Stjørdal, Sør- og Nord-Trøndelag

Nye prosjekt

I tillegg til å gjere ferdig ei rekkje store prosjekt som alt er under utbygging vil den økonomiske ramma for riksveginvesteringar gjere det mogleg å starte fleire viktige prosjekt i den første fireårsperioden, det vil seie åra 2010-2013.

Dei største prosjekta som skal setjast i gang i denne perioden er desse:

  • E18 Melleby - Momarken, Østfold
  • E18 Knapstad  i Østfold  - Retvedt i Akershus
  • Riksveg 2 Kongsvinger i Hedmark - Nybakk i Akershus
  • Vidare utbygging av E18 i Vestfold
  • E39 Eignestunnelen i Stavanger, Rogland
  • E39 Svegatjørn - Rådal i Hordland
  • E39 Førde - Hornindal, Sogn og Fjordane
  • E134 Damåsen - Saggrenda, Buskerud
  • E134 Gvammen - Århus i Telemark
  • Riksveg 7 Sokna - Ørgenvika i Buskerud
  • E16 Fønhus - Bagn - Bjørgo i Oppland
  • E16 Øye i Oppland - Borlaug i Sogn og Fjordane
  • Vidare utbygging av E6 Gardermoen i Akershus - Kolomoen i Hedmark
  • E6 Ringebu - Otta i Oppland
  • E6 Brenna - Brattås - Lien i Nordland
  • E6 Bru over Rombaken, Nordland
  • Vidareføring av E6 vest for Alta, Finnmark
  • Rassikring:  10 milliardar kroner

Regjeringa legg til grunn ei årleg  ramme på ein milliard kroner til rassikring. Dette er ein årleg auke på vel 660 millionar kroner, samanlikna med NTP 2006-2015. Midlane skal nyttast på både riks- og fylkesvegar, med 50 prosent til kvar.

Midlane til rassikringstiltak på fylkesvegnettet vil bli løyvd årleg over statsbudsjettet som tilskott til fylkeskommunane. Dette kjem i tillegg til fylkeskommunane si prioritering av rassikringstiltak over eige budsjett. Det vil bli utarbeidd fireårige handlingsplanar for rassikring på fylkesvegnettet.

Kjøp av riksvegferjetenester

For statleg kjøp av riksvegferjetenester er det lagt opp til å vidareføre nivået i budsjettet for 2009, det vil seie 1 776 millionar kroner. Ei slik ramme vil gje rom for eit noko auka ferjetilbod, både på riksvegnettet og det nye fylkesvegnettet. Effekten av den pågåande konkurranseutsettinga vil bli teke ut i form av betring av auka frekvens og auka åpningstider. Regjeringa legg opp til å betre standarden på ferjesambanda. 

Den  nye forvaltningsreforma fører til at staten vil ha ansvar for 17 av i alt 95 ferjesamband på vegnettet. Etter dei avtalane staten har med reiarlaga i dei enkelte samband vil 412 millionar kroner gå til kjøp av ferjetenester på riksvegnettet, medan 1 364 millionar kroner vil gå til kjøp på det nye fylkesvegnettet.

Nytt fylkesvegnett

Gjennom forvaltningsreforma vil fylkeskommunane overta 1350 km veg. Dette  er i hovudsak  vegnettet som tidligare er omtala som "øvrige riksvegar". Desse vegane vil for framtida bli omtala som fylkesvegar. Vegnettet som er att på staten si hand vil utgjere 10 200 km. Desse vegane vil bli omtala som riksvegar.  
- Når fylka overtek ansvaret for ein større del av vegnettet vil dette gjera dei betre i stand til å sjå heilskapleg på den regionale utviklinga. For å sikre ein god standard på heile vegnettet er det naudsynt at dette vert følgt opp i framtidige budsjett, seier samferdselsminister  Liv Signe Navarsete.

I tillegg til midlane som går til Statens vegvesen kjem 5 126 millionar kroner per år som er sett av til investeringar, drift og vedlikehald på det nye fylkesvegnettet. Endelege rammer for fylkesvegnettet vil bli fastsett i samband med framlegging av forslaget frå regjeringa om kommuneøkonomien for 2010.

Regjeringa vil i tillegg innføre ei ordning med rentekompensasjon til transporttiltak i fylka. Det er lagt til grunn ei låneramme på to milliardar kroner i perioden 2010-2019. Midlane, som blir tilført gjennom rammetilskottet og låneordninga, skal gje grunnlag for  auka aktivitet på det nye fylkesvegnettet

Regjeringa legg opp til at fordeling mellom stat og fylke og fordeling mellom fylka skal avklarast i samband med opplegget for kommuneøkonomien for 2010. Det skal vurderast nærmare om fylkesvegferjene skal omfattast av inntektssystemet for kommunesektoren eller om midlane skal øyremerkast på budsjettet til Samferdselsdepartementet.