Styrker turistveiene

En styrking av turistveiprosjeket er et av punktene som liger inne i Nasjonal Transportplan.

- Gjennom turistvegprosjektet vil turistane bli presenterte for det ypparste av norsk natur saman med unik arkitektur. Dette arbeidet vert no sluttført, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Nasjonale turistvegar er 18 utvalte strekningar frå Varanger i nord til Jæren i sør som Statens vegvesen skal utvikle til ein fullverdig internasjonal turistattraksjon innan 2016. Det gode samspelet mellom vegen og landskapet, saman med nyskapande arkitektur på utsiktspunkt og rasteplassar, skal gje opplevingar til glede for turistane. Det overordna målet er å styrkje næringsliv og busetnad i distrikta.

For å oppnå raskare gevinst av turistvegsatsinga og for å legge til rette for at andre private og offentlege aktørar følgjer opp, skal prosjektet gjennomførast slik at turistattraksjonen Nasjonale turistvegar kan marknadsførast som eit samla reiselivsprodukt allereie frå 2012, i tråd med regjeringa sin reiselivsstrategi, kalla "Verdifulle opplevingar".