Forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

NTB scanpix

Regjeringea vil prioritere nytt vikingtidsmuseum og fleire nye universitetsbygg

Regjeringa foreslår å bruke 35 millionar kroner i 2020 til rehabilitering og nybygg for Vikingtidsmuseet ved Universitet i Oslo. I tillegg går regjeringa vidare med fleire andre store byggeprosjekt ved universiteta.

– Arven frå vikingtida er uvurderleg. Difor er eg er svært glad for at vi no kan gå i gang med å byggje eit nytt vikingtidsmuseum. Slik sikrar vi at komande generasjonar får tilgang til kunnskap og forståing om ein viktig del av Noregs historie, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Formålet nybygg og rehabilitering av Vikingtidsmuseet er å sikre og bevare skip og samlingar for framtida.

Det nye museet blir tre gonger større enn bygget som står i dag. Bygginga startar i 2020, og museet skal stå ferdig innan utgangen av 2025. Prosjektet omfattar nybygg, sikring av vikingskipa og tilhøyrande gjenstandar. I tillegg blir det rehabilitering av det eksisterande vikingskipshuset og anlegget utandørs. Heile byggeprosjektet har ei øvre kostnadsramme på 2,4 milliardar kroner.
Sikrar framdrift i store byggeprosjekt

Nybø fortel at regjeringa foreslår å gi grønt lys til vidare arbeid med fleire andre viktige universitetsbygg.

– Gode bygg, utstyr og infrastruktur er avgjerande for at vi skal nå dei ambisiøse måla vi har satt oss for forskings- og utdanningspolitikken. Studentar og tilsette treng arbeidsplassar som legg til rette for læring, fagutvikling og samarbeid på tvers av faggrenser.

Regjeringa har lagt fram ein heilskapleg og langsiktig politikk for forvalting, utvikling og prioritering av universitets- og høgskulebygg.

– Budsjettet for 2020 følgjer opp måla vi har sett oss, seier ho.

Mellom anna har regjeringa foreslått 55 millionar til Statsbygg for å planleggje og prosjektere Ocean Space Laboratories for SINTEF og NTNU og 40 millionar til planlegging og prosjektering av eit samla universitetscampus for NTNU i Trondheim.

I tillegg får Statsbygg pengar til vidare arbeid med livsvitskapsbygget ved UiO.

Fakta om nye universitetsbygg
Vikingtidsmuseet
Vikingtidsmuseet på Bygdøy er ein del av Kulturhistorisk museum ved Universitet i Oslo. Verdas best bevarte vikingskip, Oseberg-, Gokstad- og Tune-skipa, er kjernen i samlinga til Vikingtidsmuseet. Ein internasjonal ekspertkomité blei i 2009 satt ned for å vurdere risiko ved ei eventuell flytting av skipa. I 2012 konkluderte komiteen med at vikingtidssamlinga bør bli verande på Bygdøy. I 2013 tok regjeringa konseptval for nytt vikingtidsmuseum. Prosjektet Naust frå AART Architechts blei kåra til vinner i plan- og designkonkurransen i 2016. I prosjekteringa av bygget etter konseptvalet, er det lagt særskild vekt på sikring og bevaring av vikingskip og samlingane. Forprosjektet vart kvalitetssikra av Concreto, Tyréns og PwC i 2018. Regjeringa har sidan 2015 gitt 145 millionar kroner til prosjektering av byggeprosjektet. Det inkluderer 45 millionar kroner til forskingsprosjektet Saving Oseberg, som forskar på konserveringsmetodar for å bevare gjenstandane i samlingane.

Campus NTNU
Regjeringa vedtok i fjor å samle fagmiljøa rundt Gløshaugen. No foreslår regjeringa å gi klarsignal til oppstart av forprosjektet og foreslår midlar til forprosjektering. Campusprosjektet inneber å flytte dei humanistiske og samfunnsvitskaplege miljøa frå Dragvoll, mens kunst-, arkitektur- og musikkmiljøa flyttar frå ulike stadar i Trondheim sentrum. Campussamlinga skal integrere eksterne aktørar frå arbeids- og næringsliv med fagmiljøa på campus. Forprosjektfasen er eit langt steg vidare i arbeidet for et samla campus i Trondheim.

Ocean Space Laboratories
Regjeringa foreslår ei løyving på 55 millionar kroner til forprosjektering av Ocean Space Laboratories for 2020. Dei nye laboratoria skal sikre verdiskaping for Noreg gjennom konkurransedyktige havnæringar. Planen er å bygge forskingsbasseng, strøymingstank, energi- og konstruksjonslaboratorium og undervisningslaboratorium. I tillegg kjem eit fjordlaboratorium, med måleutstyr for studium av miljø og reiskap i sjøen utanfor Ålesund, Hitra/Frøya og Trondheimsfjorden.

Livsvitskapsbygget ved UiO
Livsvitskapsbygget fekk 50 millionar kroner startløyving i 2018 og skal etter planen stå ferdig i løpet av 2024. I 2020 foreslår regjeringa ei løving på til saman 870 millonar kroner for å føre viare byggeprosjektet. Bygget har ei samla kostnadsramme på 6 milliardar kroner og 1,2 milliardar kroner til brukarutstyr. Bygget skal legge til rette for forsking og utdanning innanfor livsvitskap.