285,6 millionar kroner til nye nasjonale kulturbygg

– For at kulturverksemder skal kunne gjere jobben sin best mogeleg, anten det er snakk om god formidling, publikumsretta verksemd, eller sikkert vern av kulturarven vår, må bygningsmassen vere tilrettelagt for jobben som skal gjerast der. Eg er glad for at vi i dette budsjettframlegget har vi funne plass til 18 nye og viktige prosjekt over heile landet, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Dette er dei nye prosjekta i budsjettframlegget for 2019:

Østfoldmuseene, fellesmagasin i Halden – forslag til samla statleg tilskot: 9 millionar kroner

Tilskot i 2019: 5 millionar kroner.
Ombygging av det kulturhistoriske bygget Nye Væveri slik at det kan fungere som eit fellesmagasin for Østfoldmuseene. Totalbudsjett for prosjektet: 27 millionar kroner.

Norsk Folkemuseum, rehabilitering av Bybygg, fase tre – forslag til samla statleg tilskot: 10 millionar kroner

Tilskot i 2019: 4 millionar kroner.
Siste fase av rehabiliteringa av museumsbygg frå 1914 for utstillinga Tidsrom 1660–1914, der staten tidlegare har løyvd 90 mill. kroner. Totalbudsjett for prosjektet: 182 millionar kroner.

Anno museum, dokumentasjonssenter på Elverum – forslag til samla statleg tilskot: 90 millionar kroner

Tilskot i 2019: 11 millionar kroner.
Nybygg i massivt tre på Glomdalsmuseets område. Bygget løyser behova for fellesmagasin for både Anno museum og Norsk Skogfinsk Museum. Totalbudsjett for prosjektet: 170 millionar kroner.

Mjøsmuseet, oppføring av gjenstandsmagasin – forslag til samla statleg tilskot: 4,4 millionar kroner

Tilskot i 2019: 2,9 milionar kroner.
Oppføring av eit moderne fellesmagasin for gjenstandane Mjøsmuseet forvaltar frå heile regionen. Totalbudsjett for prosjektet: 13,2 millionar kroner.

Lillehammer museum, utvikling av publikumsbygning ved Bjerkebæk – forslag til samla statleg tilskot: 1,2 millionar kroner

Tilskot i 2019: 1,2 millionar kroner.
Sigrid Undset sin heim Bjerkebæk blir forvalta av Lillehammer museum. Prosjektet omfattar ombygging av eit publikumsbygg. I 2019 er det 100 år sidan Sigrid Undset flytta til Bjerkebæk. Totalbudsjett for prosjektet: 3 millionar kroner.

Valdresmusea, rehabilitering av utstillingslokale til staten si draktsamling – forslag til samla statleg tilskot: 2,2 millionar kroner

Tilskot i 2019: 2,2 millionar kroner.
Tiltaket vil gjere Valdresmusea betre i stand til å formidle den statlege samlinga ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Totalbudsjett for prosjektet: 6,6 millionar kroner.

Telemark museum, nybygg Brekkeparken – forslag til samla statleg tilskot: 45 millionar kroner

Tilskot i 2019: 10 millionar kroner.
Oppføring av eit nybygg i Brekkeparken i Skien vil gje Telemark museum eit heilårsope museumstilbod og betre arbeidstilhøve for dei tilsette på areala til museet. Totalbudsjettet for prosjekt: 136 millionar kroner.

Vinje kommune/Nynorsk kultursentrum, Vinjesenteret, tilbygg – forslag til samla statleg tilskot: 8,4 millionar kroner

Tilskot i 2019: 3,1 millionar kroner.
Tiltaket inneber ombygging og påbygging av gamle Vinje skule og sikrar større lokale til Vinjesenteret, der det tidlegare er løyvd midlar til ei utstilling. Totalbudsjett for prosjektet: 29 millionar kroner.

Sørlandets kunstmuseum, Kunstsiloen – forslag til samla statleg tilskot: 175 millionar kroner

Tilskot i 2019: 10 millionar kroner.
Sørlandets kunstmuseum skal bygge om ein tidlegare kornsilo til nye lokale for å verne og formidle samlingane til museet, ikkje minst ei kunstsamling donert av Nicolai Tangen. Totalbudsjett for prosjektet: 530 millionar kroner.

Stavanger kommune, Nye Tou Scene, andre byggjesteget – forslag til samla statleg tilskot: 13,3 millionar kroner

Tilskot i 2019: 7,3 millionar kroner.
Ombygging av eit gamalt industrilokale til bruk som scenekunsthus. Totalbudsjett for prosjektet: 90 millionar kroner.

Bymuseet i Bergen, oppgraderingar i Rosenkranztårnet og Håkonshallen – forslag til samla statleg tilskot: 1,6 millionar kroner

Tilskot i 2019: 1,6 millionar kroner.
Oppgradering av resepsjonsområda i Rosenkrantztårnet og Håkonshallen. Totalbudsjett for prosjektet: 1,6 millionar kroner.

Hardanger og Voss museum, ny basisutstilling ved Voss folkemuseum – forslag til samla statleg tilskot: 4 millionar kroner

Tilskot i 2019: 2 millionar kroner.
Ny utstilling og oppgradering av bygg i høve Voss folkemuseum sitt 100-årsjubileum. Totalbudsjett for prosjektet: 14,1 millionar kroner.

Sunnmøre museum, ombygging av Borgundgavlen – forslag til samla statleg tilskot: 3,9 millionar kroner

Tilskot i 2019: 2 millionar kroner.
Ombygging av publikumstilkomsten til museet og tilrettelegging av kontorlokala på Borgundgavlen i Ålesund. Totalbudsjett for prosjektet: 8 millionar kroner.

Kristiansund kommune, revidering av prosjekt – forslag til samla statleg tilskot: 5 millionar kroner

Tilskot i 2019: 5 millionar kroner
Kristiansund kommune har søkt om statleg tilskot på 234 mill. kroner til nytt opera- og kulturhus, men prosjektet er for omfattande og bør nedskalerast. Det vert difor gjort framlegg om eit eingongstilskot i 2019 for å kunna utarbeide eit revidert prosjekt og ny søknad før det kan takast endeleg stilling til statleg medverknad til prosjektet.

Museene i Sør-Trøndelag, omfram rehabilitering ved Ringve – forslag til samla statleg tilskot: 2 millionar kroner

Tilskot i 2019: 2 millionar kroner.
Naudsynt rehabilitering av råteskader avdekte i samband med utbetring av brannskader etter ein brann ved Ringve museum i 2015. Totalbudsjett for prosjektet: 6,6 millionar kroner.

Teater Avant Garden, Rosendal - scenekunsthuset i Trondheim – forslag til samla statleg tilskot: 7,5 millionar kroner

Tilskot i 2019: 4 millionar kroner.
Den tradisjonsrike kino- og konsertarenaen Rosendal i Trondheim blir bygd om til ein ny scenekunstarena der Teaterhuset Avant Garden vil ha si nye lokalisering. Det statlege tilskotet skal nyttast til sceneteknisk infrastruktur. Totalbudsjett for prosjektet: 22,7 millionar kroner.

Helgeland museum - Nytt museumsanlegg i Sjøgata i Mosjøen – forslag til samla statleg tilskot: 32,5 millionar kroner

Tilskot i 2019: 5 millionar kroner.
Ombygging av sagbruk til eit nytt museumsanlegg i det verna trehusmiljøet langs Sjøgata i Mosjøen. Totalbudsjettet for prosjektet: 97,6 millionar kroner.

Vadsø kommune/Varanger museum, Vadsø museum ombygging av NRK-bygg – forslag til samla statleg tilskot: 43 millionar kroner

Tilskot i 2019: 10 millionar kroner.
Vadsø kommune har kjøpt det gamle NRK-bygget i Vadsø for å huse Varanger museum. Prosjektet inneber ombygging, slik at bygget m.a. kan fungera som eit nasjonalt senter for kvensk/norskfinsk kultur. Totalbudsjett for prosjektet: 67 millionar kroner.