Fra Forsyningsbyggs arbeid på Ørland. Foto: Forsvarsbygg

Forsvarsbygg investerte for tre milliardar i 2017

Forsvarsbygg fullførte 35 byggeprosjekter for Forsvaret i 2017. Samla var investeringane på om lag tre milliardar kroner. Det desidert største prosjektet er den nye basen for F-35 kampfly på Ørland med ein dagleg omsetning på ti millionar kroner.

- Vi har hatt høg aktivitet gjennom året og har levert like gode resultat som i fjor, med færre tilsette. Forsvarsbygg bidrog godt til å byggje forsvarsevne i 2017 . I det kommande året skal vi rigge oss ytterlegare for å levere på ambisjonane om auka kampkraft og berekraft i forsvarssektoren, seier Thorbjørn Thoresen, direktør for Forsvarsbygg i ei pressemelding.

Dei store tala for 2017
Forsvarsbygg forvalta 13.096 bygg og anlegg over heile landet gjennom 1.228 årsverk. Det vart investert for om lag tre milliardar kroner. Dei hadde 394 aktive investeringsprosjekt i ulike fasar og 35 byggeprosjekt vart ferdigstilt. Med 4,1 millionar kvadratmeter forvalta bygningsmasse og ein omsetning på 8,5 milliardar, er Forsvarsbygg den største offentlege eigedomsaktøren i landet.

- I front på miljø
Det grøne skiftet er ein realitet og held fram i Forsvarsbygg. 

- I perioden 2012 – 2016 minska vi energiforbruket med 136 GWh gjennom eit eige program for energieffektivisering. I 2017 heldt reduksjonen fram med ytterlegare 9,3 GWh. Totalt har vi sidan 2012 redusert energiforbruket tilsvarande det gjennomsnittlege årsforbruket til om lag 7.200 norske husstandar, heiter det i meldinga.

3,8 millionar vitja festningane
3,8 millionar personer vitja ein av festningane til Forsvarsbygg i 2017 . Dette er ny rekord og ein auke på 160 000 frå 2016 .

Forsvarsbygg avhenda totalt 36.075 kvadratmeter gjennom riving, rydding og sal i 2017. Det vart selt forsvarseigedom for 705 millionar kroner. Myntgata 2 kvartalet i Oslo var det største salet.

Sidan 2001 har dei avhenda over 2,9 millionar kvadratmeter eigedom som ikkje lenger er relevant å nytte for Forsvaret. Sal av eigedom har gjort at forsvarssektoren har fått attende rundt 4,5 milliardar kroner netto til høgare prioriterte oppgåver.

Dei totale driftskostnadene til Forsvarsbygg var 7,8 milliardar kroner. Vare- og tenestekjøp utgjorde 70 prosent av dette.

Aukande sal av rådgjeving
- Våre rådgjevarar innan vern og sikring av eigedom, bygg og anlegg, kulturminneforvalting og avhending av offentleg eigedom sit på leiande kompetanse i Noreg. I 2017 kom denne kompetansen forsvarssektoren og samfunnet for øvrig til gode gjennom til saman 133.150 selte timar, skriv Forsvarsbygg.

Les årsrapporten for 2017 her