No skal anleggsområdet med anleggshotell og kontor for utbygginga av Evenes flystasjon oppførast. Hausten 2017 vart første kontrakt tildelt for å utføra grunn- og infrastrukturarbeid inne på flystasjonen. Tomta for anleggshotellet og byggherrekontoret er planlagt ferdigstilt til våren.
- Forsvarsbygg har god røynsle frå Ørland med eit anleggshotell inne på flystasjonsområdet, og vi legg vekt på at det skal vera ordnast og kontrollerte boforhold for bygg- og anleggsarbeidarar som har lang reisevei til jobben, fortel direktør Olaf Dobloug i Forsvarsbygg.
Om kontrakten
Kontrakten på anleggshotellet og byggherrekontoret har ein verdi på ca. 83.6 millionar kroner eks. mva. Her var det fem tilbydere i konkurransen.
Oppstart på byggeplassen er 1. juni og det er berekna sett i drift for brukarane 1. september i år. Ramirent har ansvaret for drifta av fasilitetane knytt til anleggshotellet. Det er avtalt at det skal driftast fram til 2027.
- For Ramirent er dette eit viktig steg på vegen for å kunna halda fram med å levera gode totalløysingar til store prosjekt. Det har vorte lagt ned mye arbeid i dette anbudet, og vi vil takka Forsvarsbygg for tilliten og gleder oss til å koma i gang, seier Karl Erik Valentin Hansen, leiar for Ramirent Temporary space I Noreg.
Ordna boforhold
I fleire år framover vil det vera høg byggeaktivitet ved flystasjonen med tilreisande bygg- og anleggsarbeidarar. Anleggshotellet er eit mellombels bygg der det vert tilbode bespisning og overnatting. I tillegg vil òg dei ulike entreprenørane ha anleggskontora sine på området. Det er òg tilrettelagt for at Forsvaret kan nytta fasilitetane i perioden ved behov, og det vert berekna plass til vel 180 sengeplassar og opp mot 100 kontorplassar. Det er lett å tilpassa bygga fordi det er basert på modular. Anleggshotellet skal ha lomp, treningsfasilitetar og kantine
- Nøkkelord
- Bygg
- Forsvarsbygg
- Kontrakter