Illustrasjonsfoto

Forlenging av bompengeordninga i Kristiansandsregionen

Samferdselsdepartementet har lagt fram forslag om å forlengja bompengeordninga i samferdselspakke for Kristiansandsregionen med inntil to år.

Forslaget er utarbeidd etter initiativ frå lokale styresmakter.

Samferdselspakke for Kristiansandsregionen, fase 1 vart vedteken av Stortinget i 2009. Etter prognosen vil pakken vera nedbetalt i 2018. Etter initiativ frå lokale styresmakter er det utarbeidd forslag om å forlengja innkrevinga med inntil 2 år (til tidleg i 2020) eller til innkrevinga eventuelt vert avløyst av ein ny bompengepakke for Kristiansandsregionen, heiter det i ei pressemelding frå samferdselsdepartementet.

Forlenga innkreving av bompengar er venta å gje midlar til å gjennomføra prosjekt og tiltak for om lag 400 millionar kroner. Midlane vil mellom anna gå til planlegging og prosjektering av E39 på strekninga Gartnerløkka – Kolsdalen i Kristiansand, men òg til innløysing av bustader langs regulerte strekningar på E39. Vidare vil ombygging av Håneskrysset på E18 til eit fullstendig toplanskryss vera eit prioritert tiltak.

Det er òg lagt til grunn at midlar skal gå til sykkel- og kollektivtrafikktiltak. Summen av prosjekt og tiltak må likevel tilpassast økonomisk rammer.