Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at regjeringa foreslår 15 millionar kroner til mudring av Ørakanalen ved Borg hamn. Tiltaket vil vere med på å sikre nødvendig tilførsel av ferskvatn inn i våtmarksområda utanfor Øra i Fredrikstad.
Mudringa er også ein føresetnad for å kunne gjennomføre eit større prosjekt som omfattar utbetring av farleia inn til hamna.
- Sjøvegen vil spele ei stor rolle for miljøvennleg godstransport og er ein viktig del av regjeringa sitt arbeid for betre og billegare transportløysningar for næringslivet. Norsk næringsliv står framfor krevjande omstillingar, og regjeringa er opptatt av å leggje til rette for nødvendige omstillingar med gode rammevilkår som sikrar moglegheiter for vekst. Tilgang på gode hamnefasilitetar er viktig for både reiarlag og transportkjøparar, seier samferdselsministeren.
- Nøkkelord
- Havn
- Statsbudsjettet