E39 Gassferjeprosjektet går vidare

25. oktober vert kontrakten for ombygging av Sandvikvåg ferjekai underskriven. Reinertsen Anlegg i Trondheim vann tilbodet og skal byggje kai for litt over 53,7 millionar kroner, skriv Statens Vegvesen.

Arbeidet vil starte så fort råd er. Det er utbyggingssjef Kjartan Johan Hove som skriv under for Statens vegvesen Region vest etter fullmakt frå regionvegsjefen. - Vi vil ha oppstartmøte med Reinertsen Anlegg så snart som mogleg, seier prosjektleiar Rune B. Sandven. Reinertsen er ivrige etter å komme i gang. Det nye ferjeleiet på Sandvikvåg skal vere ferdig til 15. desember neste år. NCC er i gang med skogrydding på Langeneset på Halhjem. Dei har også starta oppsetting av 6-7 brakker som skal bli deira anleggskontor. Dei byrjar å grave kanskje allereie i morgon for å byggje anleggsveg ut til søre enden på Langeneset der sjølve kaien skal byggjast. - Statens vegvesen har kjøpt eit hus like ved ferjeleiet som vi skal bruke som anleggskontor, seier Sandven. Her riggar vi for tre kontorplassar, byggjeleiar Sigve Martinsen skal inn, likeeins ein kontrollingeniør vi har lyst ut stilling for, og så ein gjesteplass. Huset er no under oppussing og støyisolering og så skal det seljast når vi er ferdige med å bruke det.