- Uviklinga gjer det nødvendig å få fram nærmare opplysningar og vurderingar for å gjennomføre tiltak for meir effektiv drift og meir effektiv bruk av offentlege midlar til kjøp av ferjetenester.
Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at Samferdselsdepartementet har bede om at Vegdirektoratet innan utgangen av november i år skal komme tilbake med ei nærmare vurdering av kva for forhold som særleg fører til kostnadsvekst i ferjedrifta.
Vegdirektoratet skal også vurdere om sjølve utforminga av anbodsordninga bidrar til kostnadsvekst og om det er mogleg og få til endringar i utforminga, med sikte på reduserte kostnader.
Direktoratet skal elles vurdere desse spørsmåla:
* Bør ei anna organisering vurderast for offentleg kjøp av transporttenester i ferjesamband på riks- og fylkesvegnettet?
* Er det mogleg å styrkje Statens vegvesen si rolle som kjøpar av transporttenester i ferjemarknaden?
* Korleis har konkurransesituasjonen utvikla seg? Er det mogleg å ta grep for å betre konkurransesituasjonen?