Flyttar E39 på grunn av havfrugras

Statens vegvesen la i 2012 fram planar for ny E39 mellom Ålgård og Hove. I tida etterpå kom fylkesmannen med fleire motsegn til planane, mellom anna grunna funn av den verna arten mjukt havfrugras i Bråsteinvatnet

I tillegg kom eit lokalt forslag om lengre tunnel forbi Håland. Statens vegvesen anbefaler difor nye alternativ for kor vegen skal byggast

Håland
Statens vegvesen anbefaler ny trasé for E39 ved Håland.
– Det nye alternativet, B9 er flytta lengre aust enn det tidlegare anbefalte alternativ B1, forklarer prosjektleiar i Statens vegvesen, Bjørn Åmdal. B9 er betre enn B1 av fleire grunnar, seier han:

*forbruk av dyrka mark er redusert med ca. 30 dekar

*mindre behov for innløysing av bygningar

*større avstand til busetjing

Varslar motsegn til lokalt forslag
Statens vegvesen har også utgreia det lokale alternativet (B15) om lengre tunnel nordover, med tunnelinnslag ved Hålandsfjellet.
– Vi rår politikarane til ikkje å velja alternativ B15, seier prosjektleiaren, og varslar motsegn til løysinga. Han forklarar med fleire grunnar:

*mykje lausmassar gjer det krevjande å byggje tunnel

*plassering og utforming av kryss gir dårlegare trafikksikkerheit

*0,9 km lengre tunnel kjem til å auke kostnadene med ca. 100 mill. kr.

*tunnelar er dyrare å vedlikehalde

*alternativet gir lengre vegstrekning

*truleg må 4-5 bygningar løysast inn

Fordelane med alternativ B15 er at forbruket av dyrka mark er 20 dekar mindre enn i B9, og at løysinga er litt betre i høve nærmiljø og støy.
– Men desse fordelane kan ikkje forsvare ei løysing som er mindre trafikksikker og mykje dyrare å bygge og vedlikehalde, seier Åmdal.

Bråstein
Statens vegvesen også utgreia nye alternativ ved Bråstein. Fylkesmannen kom først med motsegn til planane etter funn av den freda arten mjukt havfrugras i Bråsteinvatnet. Seinare ga Direktoratet for naturforvaltning dispensasjon.

– Vi anbefaler eit nytt alternativ, C15I, seier Åmdal. Her er vegen flytta litt lenger bort frå Bråsteinvatnet og utforming av kryssa er endra i høve den først anbefalte løysinga, C6. Dette betyr at det utfylte arealet i Bråsteinvatnet blir redusert frå kring 50 til 20 dekar.

Kva skjer vidare?

* Statens vegvesen sender to tilleggsrapportar til Sandnes kommune og Gjesdal kommune

* kommunane sender rapportane på høyring og behandlar høyringsuttalane

* kommunestyrene i dei to kommunane avgjer endeleg traséval