Skanska vil ha ny trasè for skipstunnel

To privatpersonar med hjelp frå storentreprenøren Skanska jobbar no for å få ein ny trasè for Stad skipstunnel, melder NRK.

Dei meinar at dagens trasè er for dårleg, og vil heller ha ein ny og lengre trasè, som dei meiner kan gi milliardinntekter gjennom sal av steinmassane. Nickolass Jensen, som er den eine av dei to bak dei nye planane, syner blant anna til dei verdfulle anortosittførekomstane i området. Så mykje som 22 milliardar kroner meiner dei at steinen frå Stad kan vere verdt. Men ordførar i Selje og leiar for prosjektgruppa Stad skipstunnel, Gunn Helgesen, har lita tru på at alternative planar er tingen å kome med no.