Megakrana blir montert Foto: Steinar Slåtto, Øst-Riv AS
Megakrana blir montert Foto: Steinar Slåtto, Øst-Riv AS

Megakrana blir no montert i Ringebu

Arbeidet med å montera megakrana, som skal løfta bruelementa til Randklev bru på land, har starta.

– Alle delane til krana er no i Ringebu, skriv Bane Nor på sine nettsider.

Leverandøren av krana, BMS Heavy Cranes AS, har i løpet av måndag montert belta til krana. Det er sett av heile denne veka til montering av krana.

Bane Nor skriv at bruelementa til Randklev bru blir løfta opp av Gudbrandsdalslågen og lagt på land i veke 44.

– Me førebur no løfteoperasjonen av dei to bruelementa, som kvar veg 270 tonn. Dette er neste steg for å sørgja for at folk skal kunna reisa miljøvennleg med tog gjennom Gudbrandsdalen igjen. Til å hjelpa oss med dette har me måtta leiga ei stor kran frå Danmark då det ikkje finst store nok kraner til ein slik løfteoperasjon i Noreg, seier banedirektør Eivind Bjurstrøm i Bane Nor i meldinga.

Kranførar Michael Lønborg Lauridsen har følgt krana frå Danmark Foto: Nils Mauldal, Bane Nor
Kranførar Michael Lønborg Lauridsen har følgt krana frå Danmark Foto: Nils Mauldal, Bane Nor

Den store krana kom med lasteskipet Wilson Flew IV til Ormsund kai i Oslo Havn onsdag kveld førre veke. Arbeidet med å lossa båten starta torsdag 19. oktober, og dei første vogntoga med krandelar kom til Ringebu torsdag ettermiddag. Meir enn 80 lastebilar har frakta krandele frå Oslo til Ringebu, og den siste bilen kom søndag.

Krana som skal nyttast er ein Liebherr LR 11350. Den kan løfta 350 tonn. Megakrana kjem i mange delar, og blir frakta på lastebilar til Ringebu. Der blir den montert, og skal stå på ei utfylling i Gudbrandsdalslågen slik at ho kan løfta bruelementa på land.

Den store krana har ei totalvekt på cirka 1.450 tonn.Kranbommen, som skal løfta bruelementa, har ei lengd på 84 meter. Den har ein kløftekapasitet på 329 tonn på 58 meter, som er avstanden frå senter kran til løfta, det vil seia den midtarste bruseksjonen til Randklev bru.

Det er Crane Norway som skal montera krana og løfta bruelementa opp frå elva.

- Når me har løfta bruelementa på land blir dei to fagverka undersøkte for eventuelle skadar. Me har etablert eit område ved elva der elementa blir lagde slik at me får ei optimal innsikt i kva som skal til for å reparera dei, og utføra jobben på staden, seier Bjurstrøm.

Båten med krandelane blir lossa på Oslo Havn. Foto: Nils Maudal, Bane Nor
Båten med krandelane blir lossa på Oslo Havn. Foto: Nils Maudal, Bane Nor