Løyve til tre småkraftverk i Gloppen

NVE gjev løyve til å bygge både Jardøla kraftverk og Øvre og Nedre Årdal kraftverk i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane.

Dei tre kraftverka vert bygd utan reguleringsmagasin og vil gje straum til om lag 1725 husstandar. Det er satt strenge krav til minstevassføring og røyrgatane til alle tre kraftverka skal gravast ned. Jardøla kraftverk Jardøla Kraft AS får løyve til å bygge Jardøla kraftverk. Kraftverket vil nytte eit fall på 325 meter over ei strekkje på om lag 2080 meter. Dette gjev ein årleg produksjon på om lag 16,2 GWh. Røyrgata skal gravast ned. Utbygginga vil redusere vassføringa i Jardøla. Av omsyn til landskapsopplevinga og det biologiske livet i elva, sett NVE krav om minstevassføring i Jardøla på 350 liter per sekund i perioden 1. mai til 1. oktober. Resten av året skal det sleppast 62 l vann/sek. NVE meiner at fordelane ved utbygginga er større enn ulempene for allmenne og private interesser. Øvre og Nedre Årdal kraftverk Årdal kraft AS får løyve til å bygge Øvre og Nedre Årdal kraftverk. Øvre Årdal kraftverk vil nytte eit fall på 377 meter over ei strekkje på om lag 1650 meter. I tillegg vert det overført to mindre bekkar til inntaket. Nedre Årdal kraftverk vil nytte eit fall på 184 meter over ei strekkje på om lag 850 m. Dei to kraftverka vil gje ein samla årleg produksjon på om lag 18,3 GWh. Røyrgatene skal gravast ned. Utbyggingane vil redusere vassføringa i Årdalselva. Av omsyn til landskapsopplevinga og det biologiske livet i elva vert det for Øvre Årdal kraftverk fastsett ei minstevassføring på 70 l/s frå hovudinntaket og 20 l/s frå det eine bekkeinntaket i perioden 1. mai til 1. oktober. Resten av året skal det sleppast 30 l/s frå hovudinntaket. Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinntrykket i Årdalsfossen, vert det for Nedre Årdal kraftverk fastsett ei minstevassføring på 450 l/s i perioden 1. mai til 1. oktober. Resten av året skal det sleppast 52 l/s. NVE meiner at fordelane ved utbygginga er større enn ulempene for allmenne og private interesser.