Flere nye veiprosjekter
Regjeringa sitt forslag om å føre vidare eit høgt nivå for riksveginvesteringane gir rom for at det i 2006 skal setjast i gang ti nye, større vegprosjekt, fordelt med fire prosjekt på stamvegnettet og seks prosjekt på andre riksvegar.
Denne artikkelen er over ti år gammel.
I tillegg vil det neste år bli sett i gang anleggsarbeid på ei rekkje andre nye, men noko mindre prosjekt, på både stamvegnettet og på såkalla øvrige riksvegar. Samferdselsdepartementet går inn for å setje i gang desse nye prosjekta på stamvegnettet: - E6 Vinterbru Assurtjern i Akershus - E18 Frydenhaug Eik i Buskerud - E16 Borlaug Voldum i Sogn og Fjordane - E6 Vest for Alta (Langnesbukta Jansnes) i Finnmark For såkalla øvrige riksvegar, det vil seie riksvegar utanom stamvegnettet, er det for neste år lagt opp til anleggsstart på desse nye, større vegprosjekta: - riksveg 283 Øvre Sund bru i Buskerud - riksveg 465 Kjørrefjord Ulland i Vest-Agder - riksveg 44 Omkjøringsveg Klepp i Rogaland - riksveg 48 Hafskorberget i Hordaland - riksveg 57 Espeland Herland i Bergen i Hordaland - riksveg 557 ringvest vest i Hordaland I tillegg skal desse to nye, større rassikringsprosjekta setjast i gang i neste år: - riksveg 62 Fresvika Jordalsgrenda i Møre og Romsdal - E10 Fjøsdalen i Nordland Bybane i Bergen: Skal finansierast av vegmidlar Regjeringa går dessutan inn for at arbeidet med utbygging av Bybanen i Bergen skal ta til i 2006. Utbygginga blir finansiert av ordninga med alternativ bruk av riksvegmidlar, der både statlege riksvegløyvingar og bompengemidlar inngår.